Hopp til innhold

Velta på motorsykkel

Ein mann i 20-åra har velta på motorsykkel i Grandevegen i Stryn.

Velta på motorsykkel

MOTORSYKKELVELT: Føraren i 20 vart teken han om av helse på staden.

Foto: Roger Vik

Ulukka skjedde klokka 21.36. Føraren har vore medvitslaus, men når NRK snakkar med politiet like før klokka 22, kan dei førebels ikkje seie meir om tilstanden.

Klokka 22.06 opplyser politiet på Twitter at føraren er teken han om av helsefagleg personell på staden. Føraren har vore åleine, det har ikkje vore andre køyretøy involvert i hendinga.

– Føraren er ikkje kritisk skadd, men blir send til sjukehus i Førde for observasjon, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrik til NRK klokka 22.50.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka, men har kverrsett førarkortet.

Laster Twitter-innhold