Hopp til innhold

– Skyt du 247 er du heilt i landstoppen - det var tre personar som gjorde det i dag

Sjeldan har det vore so jamt høgt nivå i dei innleiande rundane på eit skytestemne i Sogn og Fjordane.

Video frå banekonkurransen.

SJÅ VIDEO: Det vart svært jamt i baneskytinga på fylkesmeisterskapen i Førde denne helga. Vegard Solhaug (t.v.) stakk til slutt av med sigeren. (Foto/redigering: Ole André Rekkedal)

– Det dei beste viste i baneskytinga i dag er heilt i landstoppen. Skyt du 247 poeng i den innleiande runden so kjempar du om medalje i kva stemne som helst, seier Christian Rekkedal, leiar i Sunnfjord Skyttarsamlag, arrangør for stemnet.

Denne helga har fylkesmeisterskapen blitt arrangert i Kråkenesmarka i Førde, og om lag 250 skyttarar har delteke.

Tre med 247 poeng

Christian Rekkedal

SKYTTARLEIAR: Christian Rekkedal er leiar i Sunnfjord Skyttarsamlag.

Foto: NRK

Det vart veldig jamt då det skulle konkurrerast om tittelen fylkesmeister i baneskyting. Både Vegard Solhaug frå Aurland, Reidun Kristin Knapstad frå Florø og Ole Arild Aa frå Hyen skaut 247 poeng i dei innleiande rundane.

– Det er ikkje ofte det er so jamt og høgt nivå på eit stemne i Sogn og Fjordane. Ein hamnar fort blant dei fem beste i Kongelaget dersom ein skyt so godt på Landsskyttarstemnet, seier Rekkedal.

Vann med minst mogleg margin

Vegard Solhaug

SIGERHERRE: Vegard Solhaug vann baneskytinga.

Foto: Jørn Njøs

Til slutt var det Vegard Solhaug som stakk av med sigeren. Både han og Knapstad fekk ein totalsum på 346 poeng, men Solhaug hadde ein innartiar meir (5) enn motstandaren, og dermed kan aurlendingen krona seg med tittelen fylkesmeister.

– Det er vel lenge sidan det har vore so mange med so høgt nivå på eit stemne her i fylket, men det er jo kjekkare å vinna når det er eit høgt nivå på konkurransen, seier Solhaug.

I feltskytinga var det ein av veteranane i skytesporten som tok heim den gjævaste medaljen. Leiv Reksten frå Nordbygda vann framfor Jørgen Skivenesvåg frå Hyllestad.

– Det var kjekt at det var ein slik erfaren skyttar som vann, tykkjer Rekkedal.

Leiv Reksten vann feltskytinga.

SJÅ VIDEO: Leiv Reksten vann feltskytinga. (Foto/redigering: Ole André Rekkedal/NRK)

Dobbeltmeister i juniorklassa

Den første veka i august er det landsskyttarstemne på Oppdal, og Vegard Solhaug trur både han og fleire frå Sogn og Fjordane har moglegheit til å hevda seg. Solhaug var på kongelaget både i 2011 og 2012.

– Eg har lyst å skyta i kongelaget i år også, men ein må jo ha dagen og alt må klaffa, seier han.

I juniorklassa stakk Helene Johansen Vikøren frå Farnes av med førsteplassen i både feltskytinga og baneskytinga.

– Det er artig at ho vinn begge klassane, ho er eit stort talent seier Rekkedal.

Helene Johansen Vikøren vann både felt- og baneskytinga i Førde i juniorklassa.

VINNAR GONGER TO: Helene Johansen Vikøren vann både feltskytinga og baneskytinga i juniorklassa. (Foto/redigering: Ole André Rekkedal/NRK)

I klassa for eldre rekrutt vart det også veldig jamt. Georg L Johnsen frå Askvoll og Holmedal vann etter at han og Lars Ove Dulsvik frå Sogndal måtte ut i omskyting. Begge skaut 350 poeng og fekk åtte innartiarar.

I rekruttklassa var det Torinn Eiken frå Hyllestad som vann med 350 poeng og seks innartiarar.

– Alle dei er gode talent, og det er kjekt at so mange yngre deltakarar blir med på stemnet, seier Rekkedal.

Fylkesmeisterskap Kråkenesmarka

250 DELTAKARAR: ... deltok på fylkesmeisterskapen i Kråkenesmarka i Førde.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK