Hopp til innhold

Veit ikkje om dei hentar Loute

Spissen Isaac Loute frå Benin fekk prøve seg då Sogndal vann 2-0 over Løv-Ham fredag. Men sportssjefen har enno ikkje bestemt seg for om afrikanaren vert henta inn på laget.

Isaac Loute

FEKK PRØVE SEG: Isaac Loute hadde eit par pasningar som kunne blitt målgivande under treningskampen mot Løv-Ham fredag kveld.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

- Det er ein bra fotballspelar, så no må vi diskutere litt i forhold til det inntrykket vi har fått av han, seier sportssjef Trond Fylling til NRK.no etter kampen.

Sogndal vann 2-0

Treningskampen som gjekk på kunstgrasbana i Øvre Årdal gjekk i Sogndal sin favør. Med mål av Ole Jørgen Halvorsen og Cato Hansen, vann Sogndal 2-0 over Løv-Ham.

Halvorsen sette ballen i nettingen i slutten av første omgang, medan Hansen heada inn 2-0 målet heilt på tampen av kampen.

- Det er eit heilt greitt resultat. Det var ingen stor kamp, verken frå vår side eller Løv-Ham, seier Fylling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trond Fylling

I TENKEBOKSEN: Trond Fylling og resten av leiinga i Sogndal fotball skal no diskutere om dei skal gje Isaac Loute kontrakt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har fått skryt

19-år gamle Isaac Loute frå Benin har vore på prøvespel i Sogndal sidan førre veke.

Loute skulle eigentleg skulle eigentleg reise tilbake til Benin for å spele landskamp mot Ghana tidlegare denne veka, men grunna visumproblem vart dette ikkje noko av.

Afrikanaren fekk spele både venstrekant og spiss under treningskampen i dag. Fylling har på førehand vore full av lovord om Loute.

- Han er rask, lettbeint, god teknisk og sterk i kroppen, sa Fylling før han kom til Sogndal.

Har ikkje bestemt seg

Overgangsvindauget er ope ut mars, og det hastar dersom Sogndal skal ha Loute inn på laget.

Men etter kampen fredag kan Fylling ikkje seie sikkert om Loute skal bli fast inventar på eliteserielaget.

- Han er ein god spelar, det er det ingen tvil om. Men det var ingen spesielt god kamp frå vår side, så det er totalinntrykket som avgjer kva vi bestemmer oss for, seier Fylling.

Han vil no diskutere framtida til Loute med mellom anna trenar Harald Aabrekk før dei tek ei avgjerd i saka.

Sogndalspelarane har kampfri frå eliteserien denne helga, og skal no bruke tida til å lade opp mot heimekampen mot Odd Grenland 3. april.