Brann i Dale - UKJEND BRANNÅRSAK: Brannen i Dale 10. april. - Foto: Rune Dale /

UKJEND BRANNÅRSAK: Brannen i Dale 10. april.

Foto: Rune Dale

Veit framleis ikkje brannårsaka

To veker etter brannen i Dale har politiet framleis ikkje funne brannårsaka.

Etterforskingsleiar Knut Harald Hansen seier dei har funne ut omtrent kvar det tok til å brenne i DS Ekspedisjonen 10. april, men ikkje heilt nøyaktig.

– I morgon skal vi få med oss folk frå Gjensidige for å gjere ei ny undersøking på brannstaden, og vi håpar det kan føre oss nærare svaret.

Kvinne vart skadd

Det var klokka 15.22 tysdag 10. april det vart meldt om brann i leiligheitskomplekset i Dale. Ei kvinne i 60-åra vart skadd då ho måtte hoppe frå ei utvendig trapp for å unngå flammane. Stor innsats frå friviljuge hindra at brannen spreidde seg til nabobygningen, som husar dataverksemda Elis.

Politiet er stort sett ferdig med vitneavhøyra.

Hansen avviser ein teori om at ein propantank kan vere årsaka til brannen.

– Det stod ein propantank på utsida av der det brann mest, men det er ikkje mistanke om at brannen har starta i tanken. Derimot kan innhaldet i tanken har medverka til at brannen spreidde seg raskt og fekk stort omfang.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.