Hopp til innhold

Gjenoppbygginga vil koste millionar – men politikarane må spare

Flaumen har vaska med seg den eine fylkesvegen etter den andre. Gjenoppbygginga må skje samstundes som fylkeskommunen går på sparebluss.

Uframkommeleg veg i Fresvikdalen

BLIR DYRT: Det vil koste millionar å byggje opp att alle dei øydelagde vegane, som her i Fresvik. Samstundes må fylkeskommunen spare.

Foto: Rune Åmot

Dagen etter storflaumen har dagslyset avslørt dei enorme skadane naturkreftene har valda.

Mellom anna er fleire titals fylkesvegar øydelagde eller stengde av ras og flaum. Midt i katastrofen har fylkespolitikarane i hovudutvalet for samferdsle i dag sete i kuttmøte.

– Eg må sette min lit til at vi her får hjelp frå nasjonale myndigheiter, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Maktar ikkje oppbygginga åleine

For fylket går tronge tider i møte etter at det nye inntektssystemet vart lansert tidlegare i år. Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte minst 200 millionar kroner dei neste fem åra.

Åshild Kjelsnes seier det vil ta lang tid før dei får oversikt over kva det vil koste å byggje opp vegane som er vaska vekk. Men det er ingen tvil om at rekninga vil svi.

– Dette vil bli ei kjempeoppgåve, både praktisk og økonomisk, seier ho.

Med klimautfordringane som er spådd i framtida, meiner ho vi treng ein debatt om ansvaret storsamfunnet skal ha når slike naturkatastrofar inntreff.

– Det blir berre meir og meir klart at lokalsamfunna, og for den del fylkeskommunen, ikkje kan makte desse oppgåvene åleine, seier Kjelsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn fv 60

RAS: Delar av vegskuldra langs den smale Fv. 60 mellom Olden og Innvik rasa ut i fjorden. Autovernet heng i lause lufta.

Foto: Jogeir Agjeld

Forventar å få hjelp

Kjelsnes seier fylkeskommunen no skal sette i gong å dokumentere skadane og kva dei vil koste. Samstundes forventar ho at storsamfunnet bidreg når oppryddinga etter kvart skal byrje

– Det er klart at her må nasjonale myndigheiter på bana og eg kjem til å ha tett kontakt med dei.

– Har vi råd til gjenoppbygging, slik som situasjonen er no?

– Vi har ikkje noko val, seier Kjelsnes.

Veg vekke i Underdal