Stengt over Vikafjellet
Rv 13 over Vikafjellet blir ikkje opna i dag grunna uver og fare for ras. Det melder Statens vegvesen. Ny vurdering vert gjort på søndag kl. 1500.
Ekstremveret "Tor" har no nådd kysten av Sogn og Fjordane. Styresmaktene ber folk vere varsame. Hald deg oppdatert her, og send oss gjerne bilete og videoar om du har på 03030@nrk.no eller sf@nrk.no. Har du tips kan du også melde oss på Facebook.
Rv 13 over Vikafjellet blir ikkje opna i dag grunna uver og fare for ras. Det melder Statens vegvesen. Ny vurdering vert gjort på søndag kl. 1500.
Ein stor stein har rasa ned og ligg delvis inn i vegbana på riksveg 15 ved Bryggja. Forbipasserande opplyser til NRK at det og ligg ein del mindre stein i vegbana, men at det er passasje for bilar. Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier at entreprenør er på veg til staden.
På Fv 55 ved Marheimsgilet like sør for Gaupne er det no opna for at personbilar kan passere staden der eit vogntog mista lasset og sperrar delar av vegen. Vegen er stengt for store køyretøy.
Fylkesveg 55 mellom Indre Hafslo og Marifjøra er stengd ved Marheimsgjelet på grunn av bilberging. Vegen vil vere stengd i ein time. Det er lange køar på staden etter at ein semitrailer har mista lasset.
Ein innringar har tipsa om at det er mykje kø og til tider kaos på den lysreguleringa langs Jølstravatnet som ligg nærmast Førde. Det skal vere dårleg veg med mykje holer i og somme stader mykje overflatevatn i området.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.