Hopp til innhold

Vedgår underslag av 150.000 kroner

Ein utanlandsk arbeidar vedgår å ha svindla arbeidsplassen sin i Aurland for vel 150.000 kroner.

Lensmann Åge Løseth

ETTERFORSKING: Åge Løseth seier politiet i Sogn håpar å ha etterforska ferdig saka innan nyttår.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter tips frå arbeidsgjevaren vart vedkommande arrestert på Gardermoen 3. desember.

Personen er no sikta for underslag, men førebels har ikkje politiet full oversikt over kor stor svindelen er.

– Førebels har vedkommande erkjent underslag av rundt 150.000 kroner, men den summen kan bli justert når gjennomgangen av rekneskapen til firmaet er ferdig, seier regionslensmann Åge Løseth i Sogn til NRK.no.

På veg ut av landet

Det var ein bedriftseigar i Aurland som fatta mistanke om at pengar forsvann frå bedrifta, og som kontakta politiet.

I byrjinga av desember gjekk politiet til husransaking av bustaden til den sikta, dagen etter vart vedkommande arrestert på Gardermoen på veg ut av landet.

Har gått føre seg over tid

Den sikta har i avhøyr vedgått svindelen som har gått føre seg ei stund, seier Løseth.

– Dette har skjedd over tid, til lik før arrestasjonen, seier han.

Det var firmaet som gjennom sine eigne rutinar oppdaga at pengar var på avvege. Vidare detaljar rundt korleis svindelen vart oppdaga vil ikkje Løseth gå ut med.

Politiet reknar med å vere ferdige med alle avhøyr og undersøkingar innan nyttår.

– Det går no føre seg ein gjennomgang av firmarekneskapen for å prøve finne ut nøyaktig kva som er underslått. Vi ventar på at den skal bli ferdig, og når den er det reknar vi med å ha kome ganske langt i etterforskinga, seier Løseth.