Veden over elva på ti sekund

Kva gjer du når du har mykje god ved på andre sida av elva og det ikkje er bru? Sjå kva Årdals svar på Reodor Felgen pønska ut...

Attila Madocs frå Øvre Årdal er glad i å hogge ved. Også i Årdal la orkanen «Dagmar» flat ein del skog, mellom anna langs elva Utla ved Svalheim. Der hadde ein del av trea lagt seg over ein sti, og det var mange grunnar til å fjerne dei.

Attila tok kontakt med kommunen, som gav klarsignal til å omgjere vindfallet til ved. Problemet var berre at trea låg på nordsida av Utla, der det ikkje er råd å kome til med motorkøyretøy. Men Attila Madocs likar å klekke ut løysingar på slike utfordringar.

– Eg prøvde først med ein vinsj, men terrenget var for flatt. Så kom eg på at eg kunne bruke firehjulingen min som trekkraft med ein vaier via nokre taljer, og då fekk eg fart på trea. Det tok ti sekund å få ei last over elva.

Det heile vart filma av svogeren Odd Tore Moen, som la videoen ut på Youtube.

Attila Madocs - ÅRDALS REODOR FELGEN: Attila Madocs på firehjulingen sin. - Foto: privat /

ÅRDALS REODOR FELGEN: Attila Madocs på firehjulingen sin.

Foto: privat

– Ikkje heilt nøgd...

Men som ein ekte Reodor Felgen er ikkje Attila heilt nøgd med resultatet, no skal han teste ut ei vidareutvikling.

– Det virka som det skulle med enkel boggi, men no har eg laga ekstra hjul og vil prøve med dobbel boggi på firehjulingen.

Attila Madocs likar slike tekniske utfordringar. Saman med ein kamerat lagar han utstyr etter terrenget, dei teiknar og produserer det dei treng av hjelpemiddel. Også på jobben som vedlikehaldsmekanikar på Hydro Aluminium har han klekt ut idéar til utbetring av tekniske løysingar.

Idéane hans har og kome familielivet til gode.

– Då ungen vår ikkje ville sove i vogna utan at vi rugga på den, så fann eg på eit patent der vogna rugga på seg automatisk, og då sov ungen i fire timar i strekk.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Han har allerede sunge seg inn i hjarta til mange unge jenter, men snart kan det bli fleire. På lørdag står 12 år gamle Aksel Hauge Vedvik på scenen i finalen av Melodi Grand Prix-junior.
Her kan du sjå utdrag frå den spennande handballkampen mellom Førde og Fjellhammar, der Førde måtte vinne med fire lag for å spele omkamp. Viss Fjellhammar vann med 5 mål, rykka dei opp utan omkamp. Førde tapte med fem mål....
Hallvard Egelandsdal Husum (7) i Sogndal er truleg landets yngste butikksjef.