Hopp til innhold

Våt Moro synte nye spektakulære stunt

Onsdag kveld starta den våte moroa i Florø. Opningsshowet bydde kanskje ikkje på like spektakulære stunt som i fjor, men stunt blei det likevel.

Våt Moro i Florø 2013

FLYR I RØYK: Her fyk fallskjermhopparen ned mot Florøvika i røyken, før han kuttar skjermen og landar i sjøen.

Foto: Margrethe Gjertsen

Truleg var fleire hundre samla då Våt Moro sette startskotet med opningsshowet sitt onsdag kveld.

Dei frammøtte fekk sjå ein mann fly ned mot Florøvika i røyk, for deretter å kutte skjermen og lande i sjøen. Etter kvart vart han plukka opp av redningshelikopteret til 330-skvadronen.

– Det har vore akkurat passe spektakulært og akkurat passe vått. Dessverre var det litt for mykje vind til å gjennomføre dei planane vi opphavleg hadde som hadde inkludert mykje fleire folk i lufta, fortel festivalsjef Roger Bareksten.

Vanskeleg å toppe seg sjølv

Han innrømmer at dei gjorde det vanskeleg for seg sjølv å toppe fjorårets opningsshow, då dei fekk Petter «Edderkopp» Aker til å krysse juvet mellom Kinnaklova på line.

– Det vart litt annleis enn i fjor, men det vart meir sentrumsnært og kanskje på mange måtar meir publikumsvennleg, men ikkje fullt så dristig som i fjor, seier Bareksten.

Ifølgje han var det truleg rundt 300 menneske berre rundt festivalteltet og på kaia like ved.

(Saka held fram under biletet)

Våt moro i florø 2013

SPENNANDE: Sjølv om opningsshowet kanskje ikkje var like spektakulært som i fjor, fekk det likevel florøværingane si merksemd.

Foto: Håvard Stubhaug

Surfing og fallskjermhopp

Tordag morgon held moroa fram. Då vert det moglegheit for surfing på Stad, og på same tid startar aktivitetane på Florøvika.

– Vi har tandemhopping med fallskjerm, så det er mykje utfordringar for den som har lyst å prøve seg. Det er ikkje minst også veldig mykje publikumsvenlege aktivitetar og eit strålande folkeliv, så eg vil oppfordre absolutt alle om å ta turen til Florø dei neste dagane, seier Bareksten.

våt moro i florø 2013

MYKJE FOLK: Arrangørane trur det var over 300 menneske til stades rundt festivalteltet under årets opning av Våt Moro.

Foto: Håvard Stubhaug

Torsdag og fredag meldast det om strålande vêr og festivalsjefen fortel at det er aktivitetar for både små og store, eventyrlystne og mindre eventyrlystne. Blant anna vert det moglegheiter for familieturar med havribben.

Men Bareksten har ein klar tanke om kva som vert årets favoritt.

– Eg er rimeleg sikker på at Skydive Voss kjem til å stele mykje av merksemda, men det er heilt greitt. Vi har jobba ilag med Bratt Moro frå Sogndal ei stund, og at vi no klarar å knyte band til gjengen på Voss som nettopp har gjennomført Ekstremsportveko til terningkast seks, det synest eg er utruleg kjekt. Så her har vi mykje å bygge vidare på, trur eg, seier han.

Håpar på rekorddeltaking

Kor mykje folk som vil komme til Florø i dagane framover er vanskeleg å seie for Bareksten, då det er avgrensa kor mange gonger dei kan køyre enkelte av aktivitetane i løpet av desse dagane.

Men han har eit håp om at det vert fleire deltakarar og publikummarar i år enn i fjor.

– VI estimerte mellom 2500 og 3000 både deltakarar og publikummarar i fjor. Eg tippar at dei fleste kjem igjen, og eg trur også at vi kjem til auke på. Vi ser at det er mykje tilreisande frå heile fylket, og frå Oslo og Trondheim. Så eg trur det kan bli veldig triveleg.

Våt moro i florø 2013
Foto: Tarjei Langeland
Dei lovar fart, spenning og moro, gjengen bak Våt Moro-festivalen i Florø. 
Og i kveld brakar det laus for andre gong, med fallskjermhopping og ulike vassidrettar. 
På sikt trur arrangørane festivalen kan vera med og auka tilflyttinga...

Våt moro i Florø