Hopp til innhold

NVE tar ingen sjansar - sikrar elvane ekstra for 200-årsflaum

Sommarvarmen dei siste dagane har ført til stor vassføring i elvane. NVE sikrar elvane mot nye rekordflaumar.

NVE tar ingen sjansar når dei sikrar elvar mot 200-årsflaum. Det blir lagt inn ekstra sikringar for å trygge elva.

TAR INGEN SJANSAR: Når dei store gravemaskinene jobbar for å sikre elva blir det lagt inn ekstra tryggingstiltak for å vere sikre på at elva tar unna alt smeltevatnet under ei 200-årsflaum.

– Vi ser at vi har høge vassføringar i mange store vassdrag. Det er ein naturleg konsekvens av den høge temperaturauken dei siste dagane. Då blir det mykje snøsmelting og vatn som skal ut i fjordane. Det seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Dei siste dagane har det vore sommartemperaturar over heile fylket. Så varmt og tørt har det blitt at meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel om at det er stor gras- og lyngbrannfare på Vestlandet sør for Stad.

– Elvane skal tåle vassmassane

– Det er jamt fordelt over heile fylket med flaumstore elvar. Det er likevel heilt normalt at det er mykje vatn i og med at det er vår og snøen smeltar. Så lenge vi unngår dette i kombinasjon med nedbør, så skal vel dette gå bra.

Flaumsikring i Lærdal

SIKRAR ELVA: Kraftige maskiner og store mengder massar må til for å sikre elva i Lærdal.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

I tillegg blir det jobba med fleire store sikringsprosjekt av elvar rundt i fylket etter erfaringar frå tidlegare flaumer. I tillegg har meteorologisk institutt varsla snø ned i 500-600 meter. Det vil bremse flaumfaren i elvane.

– I forhold til avrenning og snøsmeltinga så stoppar det opp, for det er eit voldsamt temperaturfall som er venta. Men så kjem det meir snø som også skal smelte seinare, så problemet blir flytta.

Sikringsarbeid i Lærdal

NVE SIKRAR: Mange elvar blir sikra for å tåle store flaumar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK