Hopp til innhold

Vasscooter-salet rett i taket

Salet av vasscooterar har eksplodert det siste året. I fjor vart totalforbodet oppheva, og saman med avgiftskutt 1. juli i år har det gjort at mange butikkar for lengst er tomme.

Salget av vannscooterar har eksplodert det siste året. I fjor vart totalforbudet oppheva. Saman med avgiftskutt 1. juli i år har det gjort at enkelte butikkar for lengst er tomme.

TIL HIMMELS: Butikkane er tomme og importørane slit med å få tak i meir. Henning Solheim er ein av stadig fleire nordmenn som har forelska seg i vasscooteren. Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Sondre Dalaker. Foto: Silje Bråstad: Redigering: Silje Bråstad/Sondre Dalaker.

Asbjørn Øyra Sæterskar deltek i år på festivalen våt moro i Florø, der alle som vil kan leige vasscooter. Han er ein av dei som har vorte bitne av basillen, og vurderer å kjøpe scooter.

– Eg har lyst, og ein får berre meir lyst når ein får køyre meir, seier han entusiastisk.

Henning Solheim som jobbar med festivalen Våt Moro i Florø har også forelska seg i farkosten og alt rundt.

– Det er heilt sjef. Det er veldig kjekt og sosialt å reise på småturar i øyane her ute, og nyte skjergarden. På ein fornuftig måte.

Enorm interesse = tomme butikkar

Asbjørn Øyra Sæterskar

VIL KJØPE: Asbjørn Sæterskar leiger scooter på Våt Moro, og får meir og meir lyst å kjøpe scooter.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Og alle nordmenn som vil kan no nyte skjergarden. I fjor sumar vart totalforbodet mot vasscooter oppheva. I tillegg vart den sokalla hestekraftavgifta på båtmotorar fjerna 1. juli i år, slik at det no er titusenvis av kroner billegare å kjøpe scooter.

Alle dei tre store importørane i Noreg – Norsk Motorsport, Yamaha og BRP Skandinavia – melder om enorm interesse og at dei slit med å møte etterspurnaden. Då vert det fort tomt i butikkane.

– Interessa har auka ganske kraftig. Med hestekraftavgifta vekke har prisen gått ned med 200 kroner per hest. Ein vasscooter med 300 hestar er 60.000 kroner billegare no. Då vert det enno meir populært, seier Rune Johan Soleide.

Han er medeigar i Førde Motorsport AS, og fortel at salet av delar og slitedelar også tyder på at scooterane er meir i bruk.

– Dersom det spør importørane om fleire scooterar, kva er svaret?

Rune Johan Soleide

VIL SELJE: Rune Johan Soleide sel scooterar i Førde, og har færre og færre scooterar å selje.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Det byrjar å bli utseld for dei fleste. Vi har ein scooter som vi ventar på å få inn. Det er alt vi veit vi får. Alle 2014-modellane er utselde. Vi håpar å få inn scooterar frå Europa. Importørane jobbar heile tida med å få inn fleire, seier Soleide.

Men også i Europa byrjar det å verte utselt, seier han.

– Det er ikkje lett å skaffe seg scooter, så dei som vil ha det bør vere tidleg ute å bestille.

Også festivalsjefen vil ha scooter

Forbodet mot vasscooter er ikkje heilt vekke. Ein må halde seg 400 meter frå land, og det er framleis ei rekkje andre omsyn ein må ta.

Men likevel har interessa gått til himmels. Festivalsjef for Våt Moro, Fredrik Johan Helland, har tru på at vasscooter vil verte eit flittig brukt tilbod. I år har dei scooter-utleige for første gong på festivalen i Florø.

Fredrik Johan Helland

VIL LEIGE UT: Festivalsjef Fredrik Johan Helland tilbyr scooterutleige for første gong.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Vi trur at dette kjem til å bli veldig populært. Dette førsteåret vert ein god startfase for oss. Men vi trur dette kan verte veldig bra på sikt.

– Har du lyst på vasscooter?

– Eg har veldig lyst på vasscooter! Eg trur nok at eg og veldig mange andre kjem til å kjøpe det på sikt, no som det har vorte enklare å få til.