Hopp til innhold

Vaska ned jordmassar frå fjellsida

Store nedbørsmengda har grytidleg måndag vaska med seg jord og leire frå fjellsida ved Setenes på fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru.

Ras ved Setenes på fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru

HER KOM JORDMASSANE NED I VEGEN: VATN I STRIE STRAUMAR: Det har kome ned store nedbørsmengder og det er meir i vente. Her ved Setenes gjekk det i morgontimane måndag eit ras. I 08.30-tida var det rydda.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Entreprenøren er på plass, og Helge Sandnes sa til NRK.no klokka 06.40 at det kunne gå nokre timar før dei fekk opna vegen att.

– Vi ventar på dagslys før vi får rydda raset, så det går fort to-tre timar før vegen opnar att.

Sandnes fortel at det er ei utgliding av jordmassar frå fjellsida som sperrar vegen.

– Slik det ser ut er dei ei utgliding av jord og leire, og så kjem det vatn ned frå alle kantar her, seier han.

SISTE: Klokka 08.25 er vegen opna att.

Set inn taxi for bussen

Raset skal vere eit par meter høgt, men det skal ikkje vere spesielt breitt. Sandnes seier at småbilar kan køyre over Guddalen, medan store køyretøy må køyre om Lavik/Leirvik.

Bussen som skulle gått frå Dale til Førde klokka 06.15 måndag morgon er kansellert opplyser Firda Billag. Vakthavande Ørjan Klakegg seier dei har sett opp taxi mellom Bygstad og Førde. Taxien frå Bygstad til Førde gjekk klokka 06.40, og frå Førde til Bygstad går taxien klokka 07.15.

Bussen som går frå Førde til Dale klokka 08.10 reknar dei med skal gå som normalt.

– Vi håpar at vegen skal vere opna att til då, seier Klakegg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru, ved Setenes

RAS: Jord og leire har losna frå fjellsida og lagt seg over fylkesveg 57 ved Setenes. Dermed er vegen mellom Dale og Osen bru stengd.

Foto: Helge Sandnes

Store nedbørsmengder

Etter ein lang periode med tørt vêr, har det kome ned til dels store mengder nedbør i Sogn og Fjordane dei siste dagane.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane, og melder om lokalt store nedbørsmengder måndag.

Meteorolog Kjersti Oppstad Strand ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier det blir vått og grått dei to neste dagane.

– Det vil regne konstant ut morgondagen, seier ho måndag morgon.

I Fjærland er store delar av bygda innesperra etter at eit jord og gjørmeras har lagt seg over vegen ved Urabukti.

Vegarbeid ved Setenes på fylkesveg 57 etter jord- og leireras måndag morgon

VEGARBEID: Entreprenøren hadde ved 08.30-tida fått rydda raset.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK