Hopp til innhold

Vart slegen til under russedåp

Politiet måtte i 22-tida rykkje ut til Sørstrand folkepark i Florø etter melding om ordensuro, og at ein person var slegen til i samband med ein russedåp. Personen vart send til legesjekk, og dei mistenkte er kjende for politiet. Forholdet vert vidare følgt opp ved Flora politistasjon.