Hopp til innhold

Ordføraren må fram med klut og kost - fylkesordføraren får nyte gubben

Ordførar Bengt Solheim-Olsen kan love grønsåpelukt når han før jul gir seg i kast med eit oppdrag han ikkje har spesielt god fagkompetanse på. Fylkesordføraren får nyte gubben, kanskje, i ro og fred.

No kan du by på husvask av Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen eller lunsje med Åshild Kjelsnes

SLAPP ENKELT UNNA: Medan fylkesordføraren vart 'redda' av ektemannen, må ordførar Bengt Solheim-Olsen verkeleg prestere på eit fagfelt han ikkje er spesielt god på.

Foto: Tom Øyvind Solheim/Montasje NRK

TV-aksjonen i år samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å sikre reint vatn og trygge sanitære forhold. 239 millionar kroner er samla inn på landsbasis.

Totalt er det samla inn 6,2 millionar kroner i Sogn og Fjordane til årets TV-aksjon. Fylkesleiar for innsamlingsaksjonen, Kristin Sandal, er veldig stolt over resultatet.

– Det er tidenes TV-aksjon. Så langt eg kan sjå er dette den beste TV-aksjonen nokon gong, det er tidenes TV-aksjon for Sogn og Fjordane slik det ser ut.

Julevask av Florø-ordførar

Innsamlingsaksjonen i Sogn og Fjordane hadde tre auksjonsobjekt som folk kunne vere med å by på.

Ein av auksjonane var å få gjort julevasken av sjølvaste ordføraren i Florø, Bengt Solheim-Olsen. Den som fekk høgaste bodet på julevasken var Steinar Svardal. Han punga ut 3200 kroner for å få eit rein hus.

– Eg tenkte at eg skulle spare litt energi før jul og konsentrere meg om julehandel. Og så tenkte at eg kunne få ein kompis inn i hus som kunne gjere det reint og fint.

Men om det blir reint nok i hus etter at ordføraren har svinga vaskekosten er ikkje bodvinnaren heilt trygg på.

– Det er vel litt sterkt sagt at han har god kompetanse på vask. Men han har komme seg på det og. Så eg trur det kjem til å lukte grønsåpe i heimen før jul. Kjerringa er ganske grei når det gjeld å ha det reint, så han har ein jobb å gjere.

Ikkje ordføraren sitt fagfelt

Ordførar Bengt Solheim-Olsen kan spøkefullt forsikre kompisen Steinar Svardal med at det i alle fall skal lukte reint.

Ordførar i Florø Bengt Solheim Olsen, er klar til å ta julevasken hjå den som byr mest på auksjonen.

MÅ SVINGE VASKEKLUTEN: Ordførar Bengt Solheim-Olsen må svinge vaskekluten etter alle kunstens reglar hos kompisen.

Foto: Tom Øyvind Solheim

– Det skal i det minste lukte grønsåpe når eg forlèt huset. Men forhåpentlegvis blir det litt reint og. At han vinn dette er med litt skrekkblanda fryd, for å vere heilt ærleg. Men eg skal gå på med godt mot og stor glede når arbeidet skal starte.

Ordføraren er godt fornøgd med at huset som skal vaskast er relativt nyoppussa.

– Då slepp vi i det minste fleire tiårs gammalt steikefeitt i taket å handtere. Vi har jo lagt ut eit tilbod vi har tenkt å fullføre. Men at dei sit att med nesten det reinaste huset i Florø skal ikkje vere langt ifrå.

Måtte kjøpe tid med frua

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes lova vekk til høgstbydande ein lunsj med seg sjølv der ein kunne få ta opp ei sak som verkeleg engasjerer.

– Det er klart eg var litt spent på korleis det ville engasjere. Ein veit aldri. Det kunne jo vere nokon som ville ta opp ei veldig vanskeleg sak, seier Kjelsnes.

Den som betalte det høgste bodet var ein som tydelegvis var interessert i å bruke meir tid saman med fylkesordføraren.

– Det vart jo litt komikk av det, for det var faktisk mannen min som stakk av med det høgaste bodet.

Han betalte 1000 kroner for lunsjen. Kjelsnes er klar på at dersom han skal ta opp noko som er vanskeleg blir lunsjen kort. Kjelsnes fortel at bodet frå ektemannen botnar i at dei to var på reise i Oslo men ønskte å bidra til fylkesstatistikken.

– Vi ville gjere vårt for at fylket igjen skal vere på toppen av innsamlingsaksjonen. Så då la han inn eit bod på lunsjen og så gjekk det kort tid før det tikka inn ei tekstmelding om at han hadde fått innvilga lunsjen.

Det siste som vart auksjonert vekk var eit bryggerikurs i regi av Kinn bryggeri. Øl-kurset gjekk for 8000 kroner og det var ein guteklubb frå Hornindal som stakk av med høgste bodet.