Hopp til innhold

Barnevernet henta det nyfødde barnet på fødeavdelinga - tok 18 mnd. før mora fekk att veslejenta

Barnevernet henta det nyfødde barnet hennar på fødeavdelinga. Ein sakkunnig psykolog meinte ho mangla omsorgsevne. Det tok 18 månader før ho fekk veslejenta tilbake.

Nyfødd

ÉIN TIME: Den unge mora fekk berre éin time med babyen sin før ungen vart henta av barnevernet.

Foto: privat

No har den unge mora flytta heim til Sogn og Fjordane. Barnevernet i heimkommunen har i dag ingen uro for omsorga barnet får.

– Det går veldig fint med dei to. Vi har vore opptekne av å støtte mora, og ho har samarbeidd godt med oss. Barnet får god omsorg, seier barnevernsleiaren i kommunen.

NRK har valt å anonymisere saka, av omsyn til barnet. Mora var med i sendinga til NRK Brennpunkt denne veka, om sakkunnige psykologar i barnevernssaker.

Kvar dag i Noreg avgjer fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker at born skal skiljast frå familien sin. I nemnda må barnevernet leggje fram prov for at omsorga sviktar.

Avgjerdene kan ankast vidare til retten. Psykologane har avgjerande roller som sakkunnige, både for barnevernet, nemnda og retten.

Barnevernet var urolege

I denne saka var barnevernet uroleg for framtida til barnet på grunn av at mora hadde rusa seg tidlegare og hadde psykiske vanskar.

Dei gjorde akuttvedtak og henta babyen på fødeavdelinga. Mora fekk berre ein time saman med den nyfødde.

Etter ei tid bad fylkesnemnda ein sakkunnig psykolog undersøke omsorgsevna til mora. Psykologen var samd med barnevernet, og rådde til at barnet skulle veksa opp i fosterheimen.

Fylkesnemnda følgde rådet, og vedtok omsorgsovertaking. Men mora anka til tingretten, og 18 månader etter fødselen fekk ho jenta si attende. Ho hadde halde seg rusfri, og fått hjelp for vanskane sine.

Tingretten meinte den sakkunnige psykologen hadde vore for einsidig negativ mot mora.

Den sakkunnige hadde bindingar

Det ingen visste, var at den sakkunnige som skulle vere nøytral og uavhengig i denne saka, hadde bindingar til barnevernet som var part i saka.

Samstundes som saka gjekk føre seg, hadde han oppdrag for barnevernet. Han fekk utbetalt 70.000 kroner for dette. Få månader seinare fekk han 90.000 kroner for eit nytt oppdrag. Det syner undersøkingar NRK Brennpunkt har gjort.

Fylkesnemnda vil ikkje i ettertid ta stilling til om psykologen kan ha vorte påverka av dette. Psykologen sjølv meiner desse oppdraga ikkje har påverka vurderingane hans.

Han har bedt om at NRK ikkje røper identiteten hans, fordi han i andre saker har opplevd trakassering frå familiane.

Rapporten hans medverka til at barnet vart buande i fosterheimen i 18 månader, før ho kom attende til ei mor ho til då berre hadde fått møte ved korte samvær, annankvar månad.

Vurderte å la jenta bli

– Det var jo forferdeleg. Eg tenkte jo på om eg berre måtte la ho vera der ho var. Men tenk om ho då skulle heim seinare, seier mora.

Ingen kan vita kva følgjer det får for jenta at ho har måtta skiljast frå sine næraste to gonger i det korte livet sitt. Men mora har fått god hjelp av barnevernet i heimkommunen.

– Viss ho får problem, kjem eg sjølvsagt til å ta kontakt så ho får bearbeidd det. For det kan kome seinare, seier ho.

Barn skal berre skiljast frå familien når det er heilt naudsynt, seier barnevernslova. Professor i barnepsykologi, Willy-Tore Mørch, er uroleg over at hans kollegaer blandar rollene slik når dei tar oppdrag i barnevernssaker.

Kjenner ikkje til bindingane

Mørch meiner dette går utover tilliten til avgjerdene. Undersøkinga NRK har gjort syner at fleirtalet av psykologane som tek oppdrag for barnevernet, også tek oppdrag for nemnda og retten i det same geografiske området.

Verken styremaktene eller familiane kjenner til desse bindingane. Fleire ekspertar tek til orde for at psykologane må få plikt til å gje opp alle sine oppdrag i barnevernssaker.

Meir om saka på Brennpunkt sine nettsider.