Hopp til innhold

Varslar springflo – og snøen kryp stadig lenger ned

Meteorologisk institutt har sendt ut nytt obs-varsel etter fare for høg vasstand laurdag kveld.

Springflo i Måløy.

HØG VASSTAND: Når tidvatnet når høgflo litt før klokka 01 natt til søndag kan sjøen gå heilt i kaikanten, i verste fall over. Dette bilete frå Måløy er frå 2011.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det var høg flo også tidlegare laurdag, men den som kjem i natt ser ut til å bli den høgste, opplyser Trond Torsteinsson, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

60 cm over normalen

Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og varslar at vasstanden kan bli unormalt høg.

Ved flo sjø i 12-tida laurdag var vasstanden mellom 35 og 50 cm høgare enn normalt. Når tidvatnet natt til søndag igjen når sitt høgste nivå, kan vasstanden stå 60 cm høgare enn vanleg. Dermed kan ein gjere det lurt i å sikre gjenstandar som ligg lågt i fjøresteinane.

– Det er tre ting som utløyser dette. Det eine er tidevasskrafta, vi hadde nyleg fullmåne. I tillegg er det eit kraftig lågtrykk, og vinden dreg med seg vassmassar mot land, forklarer Torsteinsson.

Ifølgje statsmeteorologen må ein rekne med høgare flo enn normalt eit par dagar framover.

Slik såg det ut i Florø ved flo sjø laurdag:

Meir kraftig nedbør og snø i vente

Etter nokre verkeleg fuktige regnvêrsdagar, kan Sogn og Fjordane heller ikkje rekne med pause frå det som kjem ovanfrå, enno.

– Det blir omtrent det same, med bygevêr eit par dagar. Det er også fare for tore.

Ifølgje målingane hadde til dømes Førde drygt 60 mm nedbør to dagar på rad torsdag og fredag.

– Det blir ikkje så mykje, men det blir framleis vått, understrekar Torsteinsson.

Samstundes kryp temperaturen nedover og mange stader vil nedbøren komme som snø.

– Snøgrensa vil nok bevege seg heilt ned mot 100 meter. Enkelte stader opp mot 400 meter. Det kan sjå ut til å bli noko mildare tysdag og onsdag, forklarer meteorologen.

Vêrvarsel for dei neste dagane:

Laurdag fram til midnatt: Sørvest stiv kuling, omkring Stad periodevis liten storm, i kveld sørleg sterk kuling. Regnbyer og haglbyer, snøbyer 100–400 meter. Utrygt for tore. I kveld aukande nedbørintensitet. Lågare temperatur.

Søndag: Sørvest stiv kuling på kysten, sterk kuling ved Stad. Frå søndag ettermiddag minkande. Regnbyer og haglbyer, snøbyer over 100–300 meter. Utrygt for tore. Uendra temperatur.

Måndag: Dreiing til nordvest stiv kuling på kysten, minkande måndag morgon. Frå måndag ettermiddag sørvest stiv kuling. Sluddbyer og haglbyer, snøbyer over 100 meter. Lokal tore. Uendra temperatur. (Kjelde: Vêrvarslinga for Vestlandet)