Hopp til innhold

Sognefjellet: 10 grader Lærdalsøyri: 1 grad

Klokka 14 i dag vart det målt 10 plussgrader på Sognefjellet, 1400 meter over havet, medan det heilt nede ved fjorden i Lærdal berre var usle ei grad.

Frå Krossbu på Sognefjellet mot Smørstabbreen

SOL OG MILDT: På Sognefjellet har det vore flott haustvêr i dag.

Foto: Marianne Nygård

– Det er heilt utruleg, fortel vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Han kan fortelje om like milde temperaturar på dei fleste fjella i Sør-Norge, medan vêret i låglandet på einskilde stader både er kjølig og tåkete.

Skuldast inversjon

Til dømes vart det i dag målt 15 grader på Ulrikken i Bergen, medan det nede i Bergen by berre var seks-sju grader.

Denne tilstanden skuldast noko som på meteorologispråket kallast inversjon. Det betyr at ein variabel endrar seg med høgda, motsett det som er normalt.

– Til vanleg søkk temperaturen dess høgare du kjem. Men ved denne tilstanden, er det omvendt, seier Fagerlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdalsøyri

PENT, MEN KALDT: I Lærdal har vêret også vore pent, men langt kjølegare enn 1400 meter høgare.

Foto: Eva Hage Solstad

Kaldluft tyngre enn varmluft

Sterke inversjonar vert ofte danna i søkk og dalar der kald luft samlar seg etter sig frå høgare nivå. Inversjon oppstår også ved at luft strøymer mot kaldare underlag.

– Kaldluft er tyngre enn varmluft, så eit luftlag med inversjon vil vere svært stabilt og med lite vind, seier Fagerlid.

Dette luftlaget verkar som eit lok der lufta nede i botn av dalen og ved fjorden blir svært innestengt.

Dei som var på fjellet i løpet av tysdagen, har mest truleg opplevd både sol, vindstille og varme. I låglandet derimot, har det fleire stader vore både kjølig og tåkete.

Er utrygt for kysttåke

Fagerlid påpeikar at tilstanden slett ikkje er sjeldan, men at inversjonen denne gongen var svært markant.

– Vi kan oppleve 20 minus i låglandet og pluss 10 på fjelltoppar vinterstid. Men det er ofte vanskeleg å dokumentere det, då det er smått med målestasjonar på slike toppar, seier Fagerlid.

Men, trass at vêret ser strålande ut iallfall fram til helga, for heile fylket, minner Fagerlid om at det på einskilde stader er utrygt for kysttåke.

– Kysttåka skal vandre nordover i natt, så folk på kysten kan vakne opp til tåke, og den kan bli liggjande utover dagen. Men det blir aukande vind, så tåka forsvinn til slutt, seier Fagerlid.