Ei tankvogn med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger. Sjåføren og 14 andre personar var berga ut av tunnelen.
– I starten av aksjonen gjekk røyken i retning Rugsund og alt fungerte greitt. Vi fekk lufta ut røyken og vi sende mannskap mot brannstaden, seier dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.
Avhengige av at røyken blir fjerna
Men når mannskapet skulle ta seg inn på nordsida av tunnelen, der tankbilen hadde køyrt ut, for å sjå om det var folk i tunnelen, fungerte ikkje viftesystemet.
– Når vi seinare skulle sjekke nordsida av tunnelen og forsøkte å snu ventilasjonen, så fekk vi problem, fortel Brandsøy.
Han fortel at for at redningsmannskapet skal kunne gjere jobben sin er dei avhengige av at vifteanlegget fungerer.
– Skal vi ha moglegheit til sjekke ut tunnelen må vi få vekk røyken. Det er store avstandar og det er avgrensa kor langt du kan kome inn i tunnelen med røykdykkarar utan sikt, seier Brandsøy.
- Les også:
- Les også:
Trur viftene vart påverka av eksplosjonen
Brandsøy veit ikkje kvifor viftene ikkje fungerte, men trur det heng saman med eksplosjonen.
– Sannsynlegvis så er dei påverka av eksplosjonen slik at viftekapasiteten i tunnelen brøyt saman, seier han.
- Les også:
Fungerande avdelingsdirektør Margot Åsebø i Statens vegvesen stadfestar at brannen sette fire av åtte vifter ut av spel. Dei virka i 15 minutt etter ulukka.
– Det er ein konsekvens av så høg temperatur, seier ho.
Alarmsentralen vil no vite kva som verkeleg har skjedd i den 1,9 kilometer lange undersjøiske tunnelen.
– Vi må finne ut av kva som vart påverka av brannen. Sannsynlegvis kan vi dra lærdom av det. Heldigvis er det veldig langt mellom denne typen hendingar, difor blir det desto viktigare å lære av det som har skjedd, seier Brandsøy.
- Les også: