Hopp til innhold

«Det er ikkje slikt nokon ønsker å oppleve»

Som seksåring opplevde han sjølv drukningsdøden på nært hald. Natt til sundag var han sjølv med på å prøve å redde livet til mannen som drukna i Florø.

Jim-Andre Dahleng var med og prøvde å berge ein 65 år gamal mann i Florø natt til sundag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

17 år gamle Jim Andre Dahleng er svært prega etter hendinga natt til sundag.

– Det er ekkelt. Det er skremmande. Det er ikkje slikt nokon ønsker å oppleve. Og det er ikkje slikt nokon ønsker skal skje.

Då Dahleng var seks år vart han redda etter fleire minutt i ei basseng. Elleve år seinare prøvde han sjølv å redde ein mann ut av vatnet.

– Eg trur det ligg ein mann i sjøen

For ut av ingenting hamna Dahleng midt i dramaet i Florø. Han hadde vore ein tur å kjøpt seg mat, og skulle ned å møte broren i sentrum.

Før han kom så langt trefte han ein anna kjenning.

– Han ville at eg skulle vere med å hente ein mann som sov nede i ein båt. Eg tenkte at eg hadde tid til å hjelpe han.

Dei gjekk ned på kaia. Då Dahleng var på veg opp i båten, kom ei ung jente bort til han og sa: «Eg trur det ligg ein mann å flyt i sjøen.»

– Eg sa berre «no må du gje deg»

For Dahleng ville ikkje tru det var sant. Men så skreik jenta.

Mange med i redningsforsøka

– Då sleppte eg alt eg hadde i hendene og hoppa ut på kaia. Eg spurde kvar han var. Men så såg eg at han låg å fløyt borte ved ei søyle ved Kakebua.

Då skreik han ring 113 og sprang bort til utestaden. Der fekk han varsla ein vakt om kva som hadde skjedd. Vakta ville først ikkje tru det, men vart med ned på kaien. Det heile tok berre få sekund.

– Så røska eg av meg t-skjorta, og var klar til å hoppe uti. Akkurat då hoppa ein annan mann i sjøen. Vi drog han opp på brygga.

Dahleng starta med hjarte- og lungeredning. Fleire personar freista å få liv i han.

– Men det var ikkje, seier Dahleng, og let setninga henge i lufta.

Han brølte at nokon måtte ringe. Nokon tok opp telefonen. Først kom politiet, tre personar. To ambulansar kom.

– Eg skulle hoppa på sjøen, eg og

Svært mykje folk byrja å samle seg rundt dei. Mange vart trekte dit av blålysa.

– Dei kunne ikkje gjere anna enn å sjå på. Vi var allereie så mange som freista å hjelpe til.

Men det var allereie for seint, ingen kunne gjere noko for den omkomne. Likevel meiner Dahleng at han kunne gjort meir.

– Eg skulle ha hoppa i sjøen eg også. Eg var ikkje ute i vatnet. Men vi gjorde ein innsats i lag. Det er det vi måtte gjere, det er det vi skal.

For han nølte eit par sekund. Jim Andre Dahleng har vasskrekk. Då han var berre seks år, drukna han.

– Vi var på skulesvømming i første klasse på barneskulen, på Havhesten i Florø. Eg vart skubba uti bassenget. Eg kunne ikkje svømme. Eg hugsar eg for opp og ned fem, seks gonger.

Dei fann han fleire minuttar seinare. Med hovudet under. Etter hjarte- og lungeredning hamna han på sjukehus.

Som 17-åring opplevde han marerittet på nytt.

– Eg prata med kompisar i natt, og eg har fått støtte av familien i dag. Dei har støtta godt opp. Dette er ikkje normalt for ein 17-åring å oppleve.