Hopp til innhold

Var blant dei første på rasstaden

Johan Ospehaug var ein av dei første som onsdag kveld kom til rasstaden på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

Steinras på riksveg fem

PRØV Å IKKJE TENKE PÅ RASFAREN: Johan Ospehaug køyrer ofte forbi rasområdet på riksveg fem mellom Førde og Naustdal.

Foto: Montasje: Alf Vidar Snæland/ privat / NRK

– Eg skjønte ikkje heilt omfanget før eg kom heilt bort og såg skadane, seier Ospehaug.

Like før klokka 22 onsdag kveld losna ein stor stein i fjellsida, i området som så treffande har fått namnet Skredvika på riksveg fem mellom Førde og Naustdal. Steinen trefte vegbana før den rasa vidare og ut i fjorden.

Klokka 09.00 torsdag opna vegen for trafikk med manuell dirigering.

Stein trefte riksveg 5. Foto: Alf Vidar Snæland

STEINRAS: Sjå video frå rasstaden. Foto: Alf Vidar Snæland

Møtte bilist med englevakt

Sjølv anslår Ospehaug at han kom til staden berre sekund etter at raset hadde gått.

– På veg til Naustdal møtte eg ein bil som blinka med lysa og stoppa. Eg stoppa også og då fortalde sjåføren at han hadde svinga over i motgåande køyrefelt for å unngå steinen. Eg trur ikkje han sjølv heller skjønte korleis han hadde kome seg heilskinna gjennom.

– Kva tenkte du då du såg skadane steinen hadde gjort i vegbana?

– Den første tanken var at her har det vore store krefter i sving.

Ospehaug dei andre som kom først til staden sette så i gang med å stoppe trafikken.

– Vi fortalde dei at dei måtte snu for vegen kom nok til å bli stengd ei stund, seier Ospehaug.

Ras på riksveg fem mellom Førde og Naustdal
Foto: Alf Vidar Snæland

– Flaks at det ikkje har kome ned meir

Steinraset onsdag kveld er det tredje i rekka etter nyttår som har ført til stenging av vegen. Ospehaug køyrer ofte på riksveg fem mellom Førde og Naustdal, men prøver å ikkje tenke for mykje på rasfaren.

– Då hadde ein vel blitt galen. Ein ser jo at det ligg mykje oppe i skråninga, så eg tenker det er flaks at det ikkje har kome ned meir.

– Kva må til etter dit syn for at vegen skal bli trygg?

– Tunnel er vel det beste, men det er det andre som må vurdere, seier Ospehaug.

Oppdatert kl 13: Riksveg 5 mellom Førde og Naustdal blir stengt medan klatregruppa frå vegvesenet skal reinske fjellsida etter raset onsdag kveld. Det blir opne for gjennomkøyring kvar heile time, og det blir opna for rutegåande trafikk. Det er førebels uvisst kor lang tid dette arbeidet tek.

steinras

RAS PÅ RV 5: Raset skjedde om lag to kilometer aust for Naustdalsneset.

Foto: NRK-tipsar