Hopp til innhold

Vanskeleg å reparere steinkrossen

Steinkrossen som vart øydelagd i Eivindvik blir vanskeleg å reparere på ein fullgod måte.

Steinkross i Gulen

AVBROTEN: Slik såg steinkrossen ut etter uhellet.

Foto: Laila Indrebø / NRK

– Det er ein skade som vil vere veldig synleg, sjølv etter at han er reparert, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Kulturminnet ved det gamle Gulatinget vart delt i to då ei grein datt ned på krossen i arbeidet med å sage ned eit tre.

Video Krossen gjekk i to

DELEN SOM DATT AV: Det blir vanskeleg å sette den øvste delen på att utan at skaden blir synleg.

Foto: Nyhetsspiller

Krossen blir ikkje som han var

Arbeidet med å reparere krossen startar i midten av mai, men det vil bli eit prosjekt med mange utfordringar.

– Krossen vil ikkje bli slik han stod før dette uhellet skjedde, seier Alf-Tore Hommedal. Han er førsteamenuensis ved Universitetet i Bergen, som skal vere med i arbeidet med å reparere den nesten 1000 år gamle steinkrossen i Eivindvik i Gulen.

Det var sist fredag at krossen vart delt i to under arbeidet med å felle eit tre i nærleiken. Hommedal seier dei står føre eit vanskeleg prosjekt.

– Det verste som kan skje er at vi reparerer, så går det nokre år, og så blir såret i krossen eit svakt punkt, og så kan han knekke på nytt.

Krossen i Eivindvik

FØR OG ETTER: Krossen frå 1023 var ein av to steinkrossar ved Eivindvik kyrkje.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

– Uerstatteleg kulturminne

Det vil vere fare for at frost vil øydeleggje krossen endå meir, sjølv etter at han er reparert. Fylkeskonservator Eva Moberg håpar i det lengste at krossen let seg ordna, og at han blir ståande utanfor kyrkja i Eivindvik.

– Han vil vere utsett, særleg for temperaturvariasjonar. Vi må vurdere boltar eller ei plate for å få dette stabilt att. Dette er jo eit uerstatteleg kulturminne som er blitt øydelagt.

Hjå Riksantikvaren blir dette sett på som eit stort tap for kulturarven i Noreg, fortel Dagfinn Claudius, avdelingsdirektør i kulturminneavdelinga.

– Her i Norge er slike store, frittståande steinkrossar sjeldne, sjølvsagt er det eit stort tap om han ikkje let seg reparere, men vi håpar i det lengste at det er mogeleg.

Kross i Eivindvik

LIKE VED KYRKJA: Krossen står like ved inngangen til kyrkja.

Foto: Belinda Fosse Haveland