Hopp til innhold

– Flyktningstraumen gjer det vanskelegare for oss andre å finne bustad

HØYANGER (NRK): Småbarnsmor Silje Green Høyum frå Høyanger meiner dei mange asylsøkarane som er komne til kommunen har gitt ein meir pressa bustadmarknad.

Silje Green Høyum - Høyanger

VANSKELEGARE Å LEIGE: For Silje Green Høyum og familien har det vore vanskeleg å finne hus å leige i Høyanger. Ho trur det er på grunn av dei mange asylsøkarane som har kome til bygda.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sidan mars har Silje Green Høyum saman med sambuaren og sonen leigd eit hus i Høyanger. Då huset kom for sal, hadde dei sjølv ikkje høve til å kjøpe det.

No skal huset bli heim for asylsøkarar og familien på tre må finne seg ein ny stad å bu.

– Det er jo ikkje så lett for det er ikkje mykje som er tilgjengeleg for oss. Mange hus er blitt kjøpt for at asylsøkarane skal få bu i dei. Eg skjønar at alle treng ein stad å bu, men det er dumt at det kjem så mange asylsøkarar til små bygder, seier Green Høyum.

Silje Green Høyum - Høyanger

MÅ FLYTTE: Familien på tre hadde ikkje høve til å kjøpe huset dei leigde då det kom for sal. No er det asylsøkarar som skal bu der.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Investor og forretningsmann Steinar Dvergsdal har det siste året kjøpt fleire hus i kommunen for å gje tak over hovudet til asylsøkarane som kjem. Han forklarar at dei fleste husa han kjøper har stått tomme lenge, og at det framleis bør vere mykje ledige hus på marknaden i kommunen.

– Elles leiger jo også eg ut til andre enn asylsøkarar, seier han.

– Ein sunnare bustadmarknad

I fjor fekk kommunen asylmottak. Norsk Mottaksdrift AS har avtale med Dvergsdal om å skaffe asylsøkarane husvære. I dag husar han 210 asylsøkarar i kommunen.

Mange hus har stått tomme sidan finanskrisa og konkursen av felgfabrikken Fundo i 2009.

Dvergsdal meiner bustadmarknaden i Høyanger har fått ein oppsving etter at asylsøkarane kom, og at dei få endringane ein merkar er meir ei normalisering av marknaden.

– Det er klart marknaden vert påverka når det kjem nye folk til bygda. Det vert færre tomme hus, og fleire får seld. Eg vil uttrykkje meg slik at dette er eit bidrag til at marknaden vert sunnare og meir i balanse. Det stod såpass mange tomme hus i kommunen at framleis er mange att, seier Dvergsdal.

Steinar Dvergsdal

KJØPER HUS: Steinar Dvergsdal frå Jølster kjøper hus som han leiger ut til Norsk Mottaksdrift.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ingen er skikkeleg budde

Straumen av flyktningar vil føre til ein pressa bustadmarknad i Norge i åra framover, seier administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, Carl O. Geving.

– Det er klart at når det kjem veldig mykje nye folk som etter kvart skal integrerast i lokalsamfunnet og få seg ein bustad i den ordinære bustadmarknaden, så vil det kunne føre til eit press i dei lokale marknadane.

– Flyktningkrisa har på mange måtar blitt kasta på samfunnet, så det er vel ingen som har vore skikkeleg budde på det, seier Geving.

Greving, NEF

ENDRA MARKNADEN: Administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, Carl O. Geving.

Foto: CF Wesenberg/Kolonihaven

I Høyanger har fleire tomme hus no fått lys i seg. Mange bustader som elles ikkje ville blitt seld vert no kjøpt, forklarar dagleg leiar for eigedomsmekling i sparebanken Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

– Det vi veit er at mange av husa som asylsøkarane bur i er eldre hus som har stått tomme ei stund. Når ein kan ta desse i bruk, så er det positivt, seier Kårstad.