Hopp til innhold

Vann Storehesten Opp

Med heile 1315 påmelde vart det ny rekord då motbakkeløpet Storehesten opp vart arrangert for tredje gang.

Anita Håkenstad Evertsen og Jon Tvedt

Norgesmeistrane Anita Håkenstad Evertsen og Jon Tvedt

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Den 11 km lange Storehesten Opp-løypa har 1209 høgdemeter mellom start og mål. I år var løpet også Norgesmeisterskap i motbakkeløp.

I herreklassen vart Jon Tvedt frå Bergen norgesmeister med tida 1.06.10, noko som er to sekund bak sin eigen løyperekord.

Sjå bileta frå Storehesten Opp

Ny løyperekord

Kvinneklassen vart vunnen av Anita Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre. Ho sette ny løyperekord med tida 1.20.32 og det er ein forbetring på sju minutt frå den gamle rekorden i kvinneklassen.

Nummer to og tre i herreklassen vart Tormod Tjønholm frå Kif Friidrett og Øyvind Heiberg Sundby som er frå Balestrand, men spring for Tjalve IL.

I kvinneklassen vart Ingunn Weltzin frå IL Tyrving nummer to og Merete Helgheim frå Gloppen nummer tre.

Sjå alle resultata frå Storehesten Opp

Flest mosjonistar

Totalt var det 1315 påmelde som ville prøve seg på fjellet i Gaular, og av dei var stilte 276 i konkurranseklassane.

- Dette er ny rekord, sist hadde vi omlag 900 påmelde, seier arrangementsjef Helge Kårstad som er svært nøgd med arrangementet i dag.

Sjå video frå motbakkeløpet Storehesten Opp

Musikk på toppen

Musikk på Storehesten Opp
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Og det var mange som kom seg heilt til topps.

- Det var enormt med folk på toppen, og alle var nøgde. Dei vart til og med møtt med musikk då dei kom opp.

Det regna litt i dag tidleg, noko som gjorde løypa litt glatt.

- Men så vart det eit kjempever i løpet av dagen, seier han.

Kårstad fortel at det ikkje har vore store uhell i løpet av dagen.

- Vi har berre hatt nokre småskader.

Sjå også: Her er premien