Hopp til innhold

Ny robot frå Sogn skal erobre verda med ny teknologi

Verksemda nLink i Sogndal vann denne veka ein høgthengjande pris i USA. No satsar gründerane på å erobre verda med sin nye robot.

nLink sin nye robot

EFFEKTIV ROBOT: Den nye robotteknologien til nLink frå Sogndal skal gjere det meir effektivt på byggjeplassar. Her er roboten under testing.

Foto: nlink.no

Som dei første har Sogndalsverksemda utvikla ein teknologi som skal hjelpe entreprenørar med å skru hol i betongtak. I staden for at arbeidarar skal øydeleggje armane og skuldrene, skal no ein robot frå Sogn gjere jobben.

– Det vi har laga er rett og slett ein robot som skal bore hol i betongtak på store byggjeplassar. Det er ein jobb som mange ikkje har tenkt på, men om ein til dømes skal byggje eit nytt kjøpesenter så må ein bore mange hundre tusen hol i taket etter at betongen er støypt, fortel dagleg leiar i nLink, Håvard Halvorsen til NRK.

Etter planen skal den nye roboten bli styrt av ein arbeidar med ein iPad, og jobben skal kunne gjerast langt raskare enn det som er vanleg på store byggjeplassar verda over.

Unikt i verdssamanheng

Denne veka tok nLink med seg kunnskapen og teknologien over til Boston i USA, der dei saman med 14 andre verksemder fekk presentere seg for eit panel av verdas fremste innan robotteknologi. Til slutt kåra panelet nLink til vinnar.

Håvard Halvorsen

DAGLEG LEIAR: Håvard Halvorsen i nLink.

Foto: Sondre Dalaker

– Det er ei tevling som baserer seg på robotteknologi, men då kopla opp mot entreprenørskap. Så det vi har vunne er ein pris for at vi har utvikla eit produkt som ikkje finst nokon annan stad i verda, og at vi har kome såpass langt som vi har med produktet. Vi skal lansere det i marknaden alt tidleg neste år, fortel Håvard Halvorsen.

– Kva betyr denne prisen for dykk i nLink?

– Det som vi vann er først og fremst heider og ære og internasjonal merksemd for det vi gjer. No som vi vann så får vi mykje merksemd frå ulike aktørar, både innanfor robotindustrien og byggjebransjen.

To kundar alt på plass

Elektroentreprenørane Vintervoll i Trondheim og Holen Installasjon i Sogndal er alt i gang med testing av den nye roboten saman med nLink. Saman skal dei gjere produktet best mogleg før det blir lansert på den opne marknaden.

– No har vi lukkast med å få teknologien på plass, no gjeld det å få det ferdigstilt og få det ut i marknaden. Vi har alt hatt roboten på ein byggjeplass for å teste, og det har gått veldig bra, slår Halvorsen i nLink fast.