Hopp til innhold

Best i landet på svidd gummi og røyk - vann NM-tittel i helga

Alvin Lægreid vann NM i Breisladd på Rudskogen søndag. Han slo knockout på konkurrentar som driv sporten både i USA og Japan. No jaktar han sponsorar for å drive sporten vidare.

Alvin Lægreid best på svidd gummi. Han er norgesmeister i Breisladd og under NM tok han rotta på dei proffe køyrarane.

– Det er ein kjempegod følelse rett og slett. Eg trur aldri eg har fått så mykje merksemd nokon gong, ler den fornøgde NM-vinnaren Alvin Lægreid.

Breisladd er ei form for drifting – det vil seie ein køyreteknikk der ein let bakhjula kontrollert ut i sladd og sjåføren må motstyra bilen rundt ein trasé eller bane. I Breisladd køyrer ein og ein bil, og ikkje to saman, slik ein gjer i drifting.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alvin Lægreid

NOREGSMEISTER: Alvin Lægreid tok rotta på dei profesjonelle køyrarane under NM i Breisladd på Rudskogen.

Foto: Jon Arne Fimreite

Røyk og svidd gummi

Det er også viktig at det blir svidd av ein del gummi underveg i konkurransen.

– Det går med ein del dekk ja. Det er viktig at det blir røyk og moro. Det er ein del av konkurransen.

Han vann konkurransen med tre poeng til nestemann.

– Eg trur eg var litt nærmare punkta enn nummer to var. Dei to på andre og tredjeplass køyrer jo dagleg i Japan og USA.

Så du har tatt rotta på alle dei proffe?

– Ja det var ekstra stas å komme på pallen og slå ut dei. Også spesielt i og med at dei også er førebileta mine. Dei tykte heldigvis at det var vel fortent at eg vann.

Han har køyrt godt heile helga under NM så mange av konkurrentane hadde håp om at det var nettopp Lægreid som skulle vinne.

– Men dei blei kanskje litt overraska over at eg faktisk klarte det, humrar Lægreid.

Jaktar sponsorar

Alvin Lægreid

SVIDD GUMMI: Alvin Lægreid håpar å gjere gutedraumen til ein realitet. No jaktar han sponsorar til å reise utanlands.

Foto: Jon Arne Fimreite

Men den nybakte noregsmeisteren kviler ikkje på laurbæra. Til helga er det ny konkurranse.

– Det viktigaste for meg no er å få skrape saman nok pengar til å komme meg på NM neste helg i Skien. Så dei sponsorane som har støtta meg jamt og trutt i mange år må eg berre takke.

Eit av måla i haust er å gjere det godt i NM i Drifting. I NM ligg han samanlagt på ein 11. plass før siste runden til helga.

Den store draumen er å få køyre profesjonelt. Men då må det på plass solide sponsorar.

– Dette hjelper jo på. Men vi får sjå kor lett det er, ler Lægreid.