Hopp til innhold

Sandvolleyballduoen er klare for kvartfinale

Geir Eithun og Iver Horrem vann laurdag føremiddag åttandedelsfinalen i Beachvolleyball EM i Austerrike . No er dei klare for kvartfinale.

EM Beachvolleyball Geit Eithun Iver Horrem

TIL KVARTFINALE: Geir Eithun og Iver Horrem er klare for kvartfinale i EM i Beachvolleyball.

Foto: Joe Scarnici / Afp

Geir Eithun og Iver Horrem vann åttandedelsfinalen i EM i dag. Seinare i dag spelar dei kvartfinale mot den latviske duoen Smedins, J. og Samoilovs.

Åttandedelsfinalen enda med nok ein siger med 2–1 (19-21, 22-20, 18-16) til den norske sandvolleyballduoen. Kampen spelte dei mot austerrikske Huber-Seidl.

Etter ein litt treig start sikra dei seg ein topp ti-plassering på fredag. Då vann dei sin tredje strake 2-0-siger og knuste den sveitsiske duoen Chevallier-Kovatsch 2–0 (24-22 og 21-15) i kampen i ettermiddag.

Etter kampen sa Eithun at det nok ville bli litt spesielt å møte duoen frå Austerrike på heimebane.

– Det er spesielt å møte Austerrike på heimebane på verdas beste beachvolleyballarrangement i ein vinn eller forsvinn-kamp. Det blir rått framfor 8.000 heimesupporterar. Det er ikkje problem å bli gira til det, seier Eithun

Og så gira blei Eithun og Horrem at dei danka ut det austerrikske laget i dag føremiddag.