Hopp til innhold

Vil vurdere eit Molde-tilbod viss det kjem - men held korta tett til brystet

Fleire media melder at Gustav Valsvik er i søkjelyset til Molde Fotballklubb. Sjølv tek vikjen rykta med stor ro.

Gustav Valsvik

TYST: Gustav Valsvik vil ikkje stadfeste at klubbane allereie er i forhandlingar om ein overgang.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg registrerer det som står i media, men til no er dette berre rykte. Men skulle det komme eit tilbod, er det klart eg kjem til å vurdere det. Det er jo ein av Norges største klubbar, seier Gustav Valsvik, etter eit heller bittert tap i Rosens by der Molde knuste Sogndal 3–0.

Ifølgje Sogn Avis er forhandlingane mellom klubbane allereie i gang, men det vil ikkje Valsvik stadfeste. Likevel har vikjen vore klar på at han er klar for nye utfordringar. Kontrakten hans går ut ved sesongslutt.

– Kjem det eit tilbod, må eg ta det med agenten min. Men førebels er dette berre eit rykte, seier Valsvik.

Fekk ballen i låret

Vikjen var uheldig og stod for eitt av måla i kampen sjølv. Det kom dessverre berre Molde til gode.

– Eg rekna med at Hannu skulle heada han vekk. Så såg ikkje eg meir før ballen trefte meg i låret. Det er klart det var uheldig. Men det hadde trass alt vore verre viss eg sparka det inn. Men det øydela litt av sjansane våre, seier Valsvik.

Han er langt frå nøgd med kampen.

– Vi slepper inn to dritmål. Det er ikkje meir å seie om det. Vi var heller ikkje gode i første omgang. Men Molde er eit hakk betre enn oss. Likevel er eg sikker på at vi kunne laga trøbbel for dei viss vi hadde spelt betre, seier Valsvik.

Var langt frå maksimal prestasjon

Det er assistenttrenar Tom Mangersnes heilt samd i.

– Vi møter eit veldig godt heimelag, men skal vi ha sjanse, så må vi opp på maksimal prestasjon. Vi veit at når vi gjer det, så kan vi ta poeng mot kven som helst, seier Mangersnes.

Spesielt skuffa er han over at Sogndal ikkje får utteljing i dødballsituasjonane.

– Vi er eit lag som skal score på dei. Problemet er at vi ryk på dødballmål og det pregar kampen, seier Mangersnes.

Sogndal har dermed tapt sine to første kampar etter VM-ferien, men Mangersnes er klar på at ting kan snu seg til neste kamp, som er heimekamp.

Har fått to på kjeften

– Vi har fått to på kjeften. men vi veit at vi har kompetanse i laget. Nett no er vi berre skuffa fordi vi ikkje presterer på det nivået som vi bør vere på, seier Mangersnes.

Logi Valgardsson stod over kampen på grunn av skade, og heller ikkje Azar Karadas spelte mot Molde.

– No unngjekk vi kort denne kampen, og med Karadas tilbake neste kamp, trur eg vi er godt rusta. Men vi må vise anna åtferd enn i dag skal vi lukkast neste helg når Viking kjem på besøk, seier Mangersnes.