Hopp til innhold

Vald, fyll og spetakkel – slik var politinatta

Krangel om ei taxirekning enda i handgemeng i Aurland, uvettig køyring og slossing i Førde og ein mann i 20-åra er politimeldt for å ha utøvd vald mot ei 16 år gamal jente i Øvre Årdal. Slik var natta for politiet.

Politi ved Førde Torg

UVETTIG KØYRING: I Førde kverrsette politiet mellombels førarkortet til ein mann for uvettig køyring i Førde sentrum.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det byrja like før midnatt. Ei kvinne i 40-åra køyrde på ein hjort i Florø, utan å melde frå til politiet. Kvinna vart seinare stoppa av ein politipatrulje og det vil bli oppretta sak.

– Ein er pliktig å melde frå til politiet om viltpåkøyrslar. Då får vi meldt vidare til viltnemndene, som tek seg av det. Kvinna opplyste at ho hadde tenkt å ringe viltnemnda då ho kom heim, seier Stig Inge Hauge ved operasjonssentralen i Florø.

Etter midnatt var det festløvene som tok over.

Vald mot 16 år gamal jente

Klokka kvart over tolv vart det meldt om ordensuro i Florø. Politiet rykte ut og festen vart avslutta.

Klokka halv to skal ein mann i 20-åra ha vore valdeleg mot ei 16 år gamal jente i Øvre Årdal. Saka blir meldt. Politiet kunne ikkje kome til staden då dei var opptekne ein annan stad, men vil følgje opp saka på måndag.

Litt før to byrja det som skulle bli ein travel natt for politiet i Førde. To menn barka saman utanfor ein utestad i Førde. Ein mann i 20-åra vart vist vekk av politiet, den andre vart køyrt heim.

Klokka to køyrde politiet heim ein rusa 16-åring som oppheldt seg i Førde sentrum.

Ti over to måtte politiet reise ut etter melding om festbråk i Førde. Ti på halv tre vart ein mann i 20-åra vist bort frå sentrum etter ordensuro.

Krangel om taxirekning enda i handgemeng

Då klokka bikka halv tre var det duka for kveldens andre nevekamp i Førde, denne gong mellom to menn i 40-åra. Begge vart vist bort frå sentrum. Hendinga vert politimeldt.

I Aurland måtte politiet rykke ut klokka halv fire til ein krangel om ei taxirekning. Usemja var så stor at det enda i handgemeng. Saka vert ikkje politimeldt.

På same tid køyrde ein mann i 20-åra båten sin på land i Vågsøy. Politiet tok båtføraren med til blodprøvekontroll etter mistanke om at mannen var rusa.

Klokka halv fire køyrde politiet heim ein mann i slutten av tenåra som var rusa i sentrum av Florø.