Hopp til innhold

Vakna til sommarlege temperaturar

Folk på Skei i Jølster vakna opp til sommarlege temperaturar i dag. På Esso-stasjonen var det heile 16 grader i halv nitida i dag - og det kan ha vore opp mot 20 grader tidlegare på morgonen.

Gradestokk ved Essostasjonen

GODT OG VARMT: Det var 16 grader ved Esso-stasjonen på Skei onsdag morgon.

Foto: Ola Fugle

Ola Fugle som jobbar ved bensinstasjonen seier det er gjer godt med høge temperaturar.

– Det var så kaldt og stygt i fjor på denne tida, at vi har fortent det, seier han.

Ein innringar fortel til NRK.no at det var 20 grader i Våtedalen. Også ved Skei hotell har dei målt høg temperatur. Knut Arild Myklebust ved hotellet fortel at gradestokken viste 15 varmegrader i åttetida i dag tidleg.

– Det er varmt og godt og reine sommartemperaturen her ute. Det er klart og fint ver, og nesten for gale å sitje inne på kontoret i dag.

Han fortel at det var 12 grader klokka sju, så temperaturen har stige fort.

– I sjutida var det 12 grader, så det har gått fort oppover. Det er også store variasjonar, for på Byrkjelo har det vore minusgrader. Så det er frå Våtedalen og hit til Skei at temperaturen har stige, seier han, og legg til at det ikkje gjer noko om temperaturen stig endå meir utover dagen.

– Eg skulle hatt avspasering i dag, ler han.

Her er nokre temperaturar målt klokka 06 i dag tidleg:

  • Årdal 3 grader
  • Sogndal 5 grader
  • Sognefjellet 6 grader
  • Leirvik 9 grader
  • Førde 4 grader
  • Dale 6 grader
  • Florø 10 grader
  • Selje 8 grader
  • Sandane 4 grader
  • Loen 5 grader
  • Gullfaks C 8 grader
Skei i morgontimane onsdag

MILDT: Det var nesten sommarlege temperaturar på Skei i Jølster onsdag morgon.

Foto: Arne Holsen / NRK