Hopp til innhold

Vågsøy går saman med Kinn

MÅLØY (NRK): Det blir Kinn kommune. Vågsøy sa i dag ja til samanslåing med Flora, etter ei høgdramatisk avrøysting. Ordførar i Flora Ola Teigen (Ap) gret då han fekk telefonen frå Kristin Maurstad.

Kristin Maurstad

NØGD: Ap-ordførar i Vågsøy Krisin Maurstad er godt nøgd med at det blir Kinn kommune,

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ei høgdramatisk avrøysting gav ja-fleirtal i kommunestyret i Vågsøy.

Både Høgre, og koalisjonen av Sp, Raudt, Tverrpolitisk liste, KrF og ein frå Frp, ville utsetje saka. Men då dei voterte ned kvarandre sine utsetjingsframlegg måtte kommunestyret realitetshandsame saka. Seks av åtte i Høgre valde då å røyste for og vippa fleirtalet til 16-11.

Sjokkerte lokalpolitikarar vart brått med på å ta tidenes avgjersle for Vågsøy. Fleire vedgjekk til NRK at dei trudde det gjekk mot utsetjing.

Kristin Maurstad ringde sporenstreks til Flora-ordførar Ola Teigen. Ho kunne fortelje til NRK at Teigen måtte ta til gledestårene.

– Eg er godt nøgd. Vi har hatt ein grundig og god debatt i dag. Når utsetjingsframlegga fall vart resultatet slik det vart.

Er du trygg på at dette vart gjort på ein god måte?

– Voteringsrekkefølgja var vi samde om. No blir det storkommune på kysten, gliser Maurstad.

– Demokratisk skandale

Sp sin varaordførar Nils Myklebust kallar vedtaket for den største demokratiske skandalen i Vågsøy si historie.

– Det meiner eg. Vi hadde ei avtale som ikkje er god nok på nokon måte, som var til innbyggarhøyring der 55 prosent var mot, og berre 31 prosent for. Det å sjå vekk frå dette er ei skandale.

Måløy

MÅLØY: Måløy blir eitt av to kommunesenter i Kinn kommune.

Foto: Stig Silden

Myklebust ville at kommunestyret skulle utsetje saka og gå i tilleggsforhandlingar med Eid og Selje. Den nye kommunen vil få to timar og ei ferjereise mellom sentera. Bremanger ligg i midten og vil ikkje vere med. Så langt tyder lite på at dei blir tvinga inn av Stortinget.

– Eg trur dette vert ei frykteleg dårleg sak for å få kommunen til å fungere, seier Myklebust.

– Uventa å gjere vedtak

Morten Hagen (H) er seier han ikkje hadde venta at kommunen skulle bli vedteken i dag.

– Framlegget vårt om å utsetje i kort tid for å forhandle meir falt. Då måtte vi ta stilling til saka.

Kinn kommune

Endra intensjonsavtalen i tolvte time

I går sende Høgre ut pressemelding der dei varsla framlegg om å utsetje avgjerda til nyttår. Årsaka var at intensjonsavtalen ikkje var god nok.

Under debatten kom det fram at Flora vil kome Vågøy i møte.

Følgjande endringar i avtaleteksten vart presentert i kommunestyret:

"Flora og Måløy skal ha delt kommunesenterfunksjon. Talet på administrative arbeidsplassar/rådhusfunksjonar i Måløy og Flora skal forholdsmessig vere som før samanslåinga."

Hagen stadfestar at spelet i seine kveldstimar har påverka:

– Det er betydelege endringar i avtalen når vi legg opp til eit delt kommunesenter. Det blir opp til utvalet å plassere nøyaktig korleis funksjonane blir.

Flora kommune må handsame avtalen på nytt på grunn av endringane.

Laster innhold, vennligst vent..