Hopp til innhold

Dette har du aldri sett på Fosshaugane før – væpna politi skal vakte fotballkampen

SOGNDAL (nrk.no): Terrortrusselen mot Norge gjer at for første gong i historia er det væpna politi til stades på Fosshaugane i samband med ein fotballkamp.

Væpna politi på Fosshaugane

VÆPNA: Innsatsleiar Helge Øvstetun (t.h) er væpna under kampen mellom Sogndal og Odd søndag kveld. Her saman med Tonje Norheim og Wilhelm Tangerud.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det er litt uvant, men det er ein del av den totale situasjonen som vi er oppe i i dag, seier innsatsleiar Helge Øvstetun.

Han arbeider til vanleg som politiførstebetjent ved Årdal lensmannskontor og er beordra inn frå fri til å vere i beredskap som ein følgje av terrortrusslen.

Har fått ordre om væpning

– Vi har vald å gjere det slik i dag, og vi følgjer den instruksen som ligg føre. Eg kan ikkje seie noko anna enn vi har fått beskjed om å vere væpna på denne kampen her, seier Øvstetun.

Sogndal Fotball har vurdert tryggleiken til spelarar og supporterar som god før kampen mot Odd søndag kveld. Men dei har hatt ein ekstra diskusjon om terrortruslane før kampen.

– Vi har hatt dette med terrortruslane oppe til diskusjon, men vi køyrer med vanleg bemanning på tryggleik her på Fosshaugane i kveld, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad til nrk.no.

Laster innhold, vennligst vent..

Har vore væpna fleire stader

På fleire fotballarenaer har det vore meir synleg politi til stades enn vanleg dei siste dagane, og fleire stader har det også vore væpna politi på jobb. Årsaka er terrortruslane som PST og Politidirektoratet gjekk ut med torsdag.

Også ved ein vanleg situasjon er politiet til stades på Fosshaugane under kamp, og Sogndal Fotball får opplyst at det kjem tre politifolk som skal vere med og sørge for tryggleiken. Men det spesielle er altså at dei er væpna, noko som er aller første gong i Sogndal Fotball si historie.

Sogndal møter Odd søndag kveld på heimebane.