Hopp til innhold

Uvisst om kloakkreglar blir endra - ordførar frustrert på si eiga regjering

Høgre-ordførar Noralv Distad i Aurland er irritert på si eiga regjeringa. Han seier det ikkje er sikkert at kommunen vil skjerpe inn reglane for kloakktømming på Nærøyfjorden.

Noralv Distad

IRRITERT: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) meiner regjeringa ikkje kan instruere kommunen til å stramme inn reglane for kloakktømming i Nærøyfjorden.

Foto: pressefoto

Sist veke fortalde NRK om praksisen med at ferjer og andre lokale turistbåtar kvar sommar tømmer store mengder kloakk ut i verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Ei kartlegging viser at det er snakk om så mykje som 80 lastebillass til saman i dei to fjordane i løpet av sommarmånadane.

Miljøverndepartementet reagerte med å seie at dei fryktar for omdømet til dei populære reisemåla, og bad kommunane stramme inn reglane.

Ei slik innblanding frå regjeringa si side er uheldig, meiner ordføraren i Aurland.

– Når regjeringa ikkje ser grunnlag for å gripe inn sjølve, synest eg ikkje det er rett av dei å spele ballen over til kommunen, seier han til NRK.no.

– Dette er som å skite i eige reir

Båtane som i dag slepp ut kloakk i verdsarvfjordane gjer ikkje noko ulovleg. Per i dag er det slik at internasjonale cruiseskip ikkje får sleppe kloakk i fjordane, men ferjer og andre lokale turistbåtar har lov innanfor visse grenser.

Men dei som lev av turisme i området meiner det ikkje høyrer heime i 2014 at kloakk skal tømmast i fjorden.

Dee Cunningham ved Stigen gard viser kvar sommar turistar rundt på fjorden. Han er sint og oppgitt over det som skjer.

– Dette er som å skite i eige reir. I ei tid då vi har fått ein mann på månen må vi kunne greie finne ei anna løysing på dette, sa han til NRK.no sist veke.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ferjer og andre lokale turistbåtar tømmer store mengder kloakk i Nærøyfjorden. Den kjende fjorden i Aurland kommune står på Unesco si verdsarvliste. 
No fryktar Regjeringa for omdlmmet til turistmålet.

KLOAKK I FJORDEN: Litervis med kloakk blir kvar sommar tømt rett i verdsarvfjordane i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. FOTO/REDIGERING: Steinar Lote/Johan Moen.

Bad kommunane stramme inn

Då statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Miljøverndepartementet vart kjent med praksisen sa han at det førebels ikkje var aktuelt for regjeringa å gripe inn.

Men han vedgjekk at han var uroa og bad i staden kommunane stramme inn reglane.

– Eg fryktar at dette vil kunne svekke omdømet. Det vil til sjuande og sist råke kommunane, då mykje av inntektene frå turismen går nettopp til kommunane.

– Difor er det i deira interesse at fjordane har ein så høg miljøstandard som mogleg, sa Lunde til NRK.no.

Vil ha bevis

I Aurland er Høgre-ordførar Noralv Distad lite blid på si eiga regjering etter dette svaret.

– Det er ikkje slik at staten skal instruere kommunane om tiltak som er strengare enn det dei sjølve vil gjennomføre, seier Distad.

Og det er slett ikkje sikkert at kommunen vil skjerpe inn reglane. Kommunen ventar no på ei vurdering frå Fylkesmannen.

Og før det kan bli aktuelt å lage ei ny og streng utgift om kloakktømming på Nærøyfjorden, vil ordførar Distad sjå bevis på at utsleppa faktisk øydelegg miljøet i verdsarvfjorden.

– I denne saka må vi halde oss til fakta som går på om det er reell forureining eller ikkje, og om det er behov for strengare tiltak. Skal kommunen gjere noko må det skje på grunnlag av fakta, understrekar Distad.