Cato Hansen (t.h.) Sogndal Fotball - STREKK: Cato Hansen (t.h.) har slite med ein strekkskade sidan byrjinga av september. - Foto: Rune Fossum / NRK

STREKK: Cato Hansen (t.h.) har slite med ein strekkskade sidan byrjinga av september.

Foto: Rune Fossum / NRK

Usikkert om Hansen blir klar til viktig bortekamp

Det er uvisst om Cato Hansen blir klar til Sogndal sin bortekamp mot Odd Grenland på søndag. Angriparen har slite med ein strekkskade sidan byrjinga av september.

– Han er i gang med lett fotballtrening, og kan snart trena med resten av laget, seier fysisk trenar Eirik Nedrehagen.

Strekk

Den so langt mållause spissen og kantspelaren har fått mykje tillit av Harald Aabrekk denne sesongen. Dei siste månadene har rogalendingen stort sett vore ute med skade.

– Han er litt for ivrig, so me prøver å halda han litt att, men han kan snart trena fotball med resten av laget. Det er uvisst om han kan spela på søndag seier Nedrehagen.

Bortekampen på søndag er ein veldig viktig kamp for Sogndal. Om sognelaget tek poeng mot Odd Grenland bergar dei plassen tippeligaen.

– Føler meg 100 prosent

Brann - Sogndal 2-0, Cato Hansen (t.v.) - VIL SPELA: Cato Hansen har slite med ein strekkskade i over to månader. No håpar rogalendingen at han endeleg er klar att. - Foto: Rune Fossum / NRK

VIL SPELA: Cato Hansen har slite med ein strekkskade i over to månader. No håpar rogalendingen at han endeleg er klar att.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hansen byrjar å trena fotball att med resten av laget onsdag. 23-åringen meiner sjølv at han er klar til å spela bortekampen mot Odd Grenland søndag.

– Det kjennest veldig bra ut, og eg håpar å få spela kampen. Men eg må ta nokre forholdsreglar, og det er bra at nokon passar på slik at eg ikkje slår det opp att ein gong til, seier Hansen.

Rogalendingen fekk eit kortvarig comeback i kampen mot Strømsgodset. Etter 43 minutt kom skaden attende, og Hansen gjekk skuffa rett ned i garderoben.

– Det har vore nokre seige veker. Men ein må berre bita det i seg og gjera det beste ut av det. Eg har trent godt, og eg gler med til å koma i gang att, seier 23-åringen.

Kanskje spelt sin siste

Barry Kader slit med overbelastning i magemuskulaturen, og det er uvisst når han er klar att. Dermed er det mogleg at Ivorianaren har spelt sin siste kamp i Sogndal-drakta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barry Kader - FERDIG: Barry Kader er ferdig i Sogndal etter årets sesong. - Foto: Oddleif Løset/NRK /

FERDIG: Barry Kader er ferdig i Sogndal etter årets sesong.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Eivind Daniel Røed slit med eit seneproblem på baksida av låret, og er truleg ute resten av sesongen.

Eidaren har berre fått éin kamp frå start og to innhopp denne sesongen.

Andrè Muri og Joakim Rudolfsen - NYOPERERT: Joakim Rudolfsen (t.h.) har slite med ein kneskade store delar av sesongen. - Foto: Oddleif Løset/NRK /

NYOPERERT: Joakim Rudolfsen (t.h.) har slite med ein kneskade store delar av sesongen.

Foto: Oddleif Løset/NRK
Nyoperert nordlending

Joakim Rudolfsen har vore plaga med skadeproblem denne sesongen, og har berre spelt to tippeligakampar som innbytar denne sesongen.

– Joakim er nyoperert for Jumpers Knee, og er klar at tidlegast etter nyttår, seier Nedrehagen.

Rudolfsen kom til Sogndal frå 2. divisjonsklubben Mo før 2010-sesongen, men har enno til gode å overbevisa i Sogndal-drakta.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.