Hopp til innhold

Denne vegstrekka er det uvisst kven som må koste

Etter E39-avgjerda herskar det total uvisse om kven som skal ta rekninga for bygginga av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Olden - Innvik

UVISST: Det ser ikkje ut til at ein E39 i indre Nordfjord vil gje meir pengar til bygging av fylkesvegar som Olden - Innvik.

Foto: NRK.no-tipsar

Ketil Solvik-Olsen

STATSRÅD: Ketil Solvik Olsen (Frp) er samferdsleminister.

Foto: Petter Larsson/NRK

Forkjemparar for indre trasè har lenge hevda at ei indre løysing ville kunne løys ut sårt tiltrengde statlege pengar til bygginga.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har ingen planar om å opne pengesekken.

– Den diskusjonen tek eg ikkje no. Det er per i dag ein fylkesveg og då er det fylkeskommunen sitt ansvar, seier han.

Håp i syltynn tråd

Håpet om at ein indre trasè for E39 skal frigjere pengar til bygging av fylkesvegar heng i ein syltynn tråd. Lokalt har både Høgre, Ap og Frp sagt at ein indre trasé, der dagens fv 60 skulle vere mellombels E39 til brua kjem, ville føre til at staten tek rekninga for opprustginga i staden for fylkeskommen.

Trude Brosvik

FYLKESLEIAR: Trude Brosvik i KrF.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Med E39 avgjerda som kom måndag vart det klart at Byrkjelo - Eid blir å rekne som E39 til brua i indre står klar.

– Eg ser ingenting som tyder på at det kjem pengar til Olden-Innvik. Eg er samd i at Høgre og Frp, som har stått på for indre, har kopla dette veldig tydeleg opp mot Kystvegen, Eg ventar i spenning på kva som skjer frå denne regjeringa no, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, og er uroa over finansieringa av fylkesvegen.

Har lite pengar

Det er alt brukt over ein halv milliard kroner, og meir må brukast dersom det som ein gong vart kåra til Norges verste veg skal bli ferdig opprusta.

Åshild Kjelsnes

LITE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes trur ikkje staten tek rekninga for Olden - Innvik.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Men fylkesordførar Åshild Kjelsnes har ikkje gitt opp håpet om at staten kan ta rekninga.

Fylket står framføre store nedskjæringar og har lite pengar til å gjere ferdig Olden-Innvik.

– I budsjettvedtaket frå desember 2013, så seier ein noko om korleis ein skal agere dersom KVU-prosessen viser at indre blir vald. Eg vil no ta opp med fylkesutvalet og drøfte med dei korleis vi no skal gå vidare i høve til å få avklart korleis ting skal vere i høve til kven skal betale kva, seier Kjelsnes.

– Langt fram i tid

Frank Willy Djuvik

FRP: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner fylket snarast råd må ta kontakt med samferdsledepartementet.

Foto: Torje Bjellaas

Frank Willy Djuvik (Frp) vil gjerne at staten tek over kostnaden med Olden-Innvik. No vil han i dialog med samferdsleministeren.

– Alt som har med løyvingar til vegar blir gjort av stortinget i NTP-prosessane. Fylkeskommunen må snarleg ta kontakt med Samferdsledepartementet for å avklare korleis kostnadene skal betalast, seier han.

Samferdsleminister Solvik Olsen meiner ein må sjå langt fram i tid før ei eventuell overtaking blir aktuelt.

– Her har vi arbeid med kommunereformer og mange ting som kan medføre at ein del av fylkesvegane blir riksvegar att, avsluttar han.