Hopp til innhold

Sogndal vakna og vann på heimebane

Kristian Fardal Opseth redda tre poeng til Sogndal. Men eit heimelag i opningsdvale heldt på øydeleggja poengfangsten på Fosshaugane.

Kristian Fardal Opseth

HERJA: Kristian Fardal Opseth leika seg på heimebane med Hønefoss.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Endå ein gong sov Sogndal då dommaren bles kampen i gang. Men i motsetnad til i opningskampen mot Bærum, blei dei straffa i 1. divisjonskampen mot Hønefoss på Fosshaugane i kveld.

Sogndal dunka til på heimebane

JUBEL: Sogndal hadde all grunn til å vere fornøgde med siger på heimebane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dominerte 1. omgang

Gjestene nytta seg raskt av den tafatte opninga til heimelaget. Etter fem minuttar skaut Hønefoss’ Morten Hæstad rett på lagkamerat Miguel Hamutenya, som styrte ballen i mål. 1–0 til Hønefoss.

Etter skåringa vakna Sogndal frå opningsdvalen, tok styringa på kampen og skapte fleire store sjansar. Men eit fysisk sterkt Hønefoss-mannskap – med Ugonna Anyora i front – rydda unna, og heimelaget måtte gå av bana etter fyrste omgang eitt mål under.

Fardal Opseth opna kontoen

Sogndal byrja den andre omgangen med å halda fram dominansen i banespelet, men heimelaget kom ikkje til store sjansar før i det 53. minuttet.

Keeper Lukasz Jarosinski

SEIGT: Keeper Lukasz Jarosinski måtte hente ballen ut av nettmaskene to gongar i løpet av kampen mot Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Då skåra Sogndal ut av ingenting. Ei hønefossklarering gjekk i ein sogndalspelar og vidare til Kristian Fardal Opseth. Han snudde seg på ein femøring og skaut rett over hovudet til hønefosskeeper Lukasz Jarosinski som ikkje makta å få opp hendene. 1–1.

53-metersskåring

Så – etter 72 minuttar skjedde det som berre sjeldan skjer i ein fotballkamp. Sogndalkaptein Rune Bolseth vann ballen frå hønefosskjempa Anyora. Ballen trilla til Fardal Opseth, som stod midt på den 105 meter lange Fosshaugane-bana. I det han dunka ballen oppover, uffa publikum seg og fatta ikkje kva sogndalspissen heldt på med. Men ballen susa over hønefosskeeperen og i nota. 2–1 til Sogndal.

Hønefoss i leiing på Fosshaugane

KJEMPA SEG TILBAKE: Sogndal vart tekne på senga i første omgang. Etter kvart vakna laget. Skikkeleg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei siste ti minuttane av kampen flytta Hønefoss fram luftskytset sitt, men sogndalforsvaret fekk rydda unna og sikra med det tre viktige poeng og ein andreplass på 1. divisjonstabellen.