Hopp til innhold

Den sterkaste vinnarskallen på Fosshaugane

– Eg blei frustrert og forbanna då eg blei sett ut av laget, seier Bjørn Inge Utvik, som for andre gong i år sikra Sogndal-siger på overtid mot Follo.

Bjørn Inge Utvik

BLEI VRAKA: – Eg bestemte eg meg for å ta frustrasjonen ut på bana og smella til, seier målscorar Bjørn Inge Utvik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var heilt vanvitig herleg, seier ein lukkeleg, men framleis ein smule innbiten Bjørn Inge Utvik etter å ha sikra Sogndal ein siger mot Follo på overtid, slik han òg gjorde i bortekampen mot Akershus-klubben før sommaren.

For opptakten til kampen blei ikkje slik den 19 år gamle landslagsspelaren hadde tenkt seg: Trenar Eirik Bakke valde nemleg å setja han ut av laget.

– Eg blei sjølvsagt frustrert og forbanna. Eg vil spela kvar kamp.

Bjørn Inge Utvik scora 2-1 målet mot Follo og sikra siger.

MÅLSCORAREN: Bjørn Inge Utvik blei sett ut av Sogndal-laget før Follo-kampen. Det kom det noko godt ut av.

Aggressiv

Utvik har vore viktig for Sogndal denne sesongen og har spelt solid dei siste kampane. Den ambisiøse midtstopparen og midtbanespelaren hadde difor vanskar med å svelgja laguttaket:

– Eg bestemte eg meg for å ta dette ut på bana og smella til. Eg fekk ekstremt mykje aggressivitet i spelet mitt.

– Han er ein vinnarskalle, seier Eirik Bakke etter kampen.

Sogndal-trenaren vedgår at det er vanskeleg å halda han ute frå laget, men i dag ville Bakke ha Utvik som ein backup for ein småskada Rune Bolseth, som ikkje har trena skapleg den siste veka.

Eirik Bakke

TRENAREN: - Bjørn Inge er ein vinnarskalle, seier Eirik Bakke.

– Eg hadde ein prat med han etter at laget blei lese opp, og eg såg på han at det betydde mykje for han å ikkje få spela, og spesielt når han kanskje ikkje fortente å bli sett på benken.

Ambisiøs

Utvik var ettertrakta av mange toppklubbar i Norge, då han våren 2013 valde å gå til Sogndal frå Haugesund.

– Det er det beste for karrieren min, sa han den dagen han hadde signert for sogneklubben.

Jubel mot Follo

TRE VIKTIGE POENG: Serieleiar Sogndal held sjupoengsluka til Brann og Kristiansund etter sigeren mot Follo.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

19-åringen, som er med i U21-landslagstroppen mot England 7. september, har aldri lagt skjul på at han har ambisjonar om å koma til større klubbar enn Sogndal, og då kan det liggja mykje læring i å bli sett på benken før ein 1. divisjonskamp mot Follo.

– Det å få ein smell i trynet før ein kamp, er slik det fungerer i større klubbar og større ligaer. Då handlar det om korleis du taklar det å av og til bli sett på benken. I dag makta eg å ta frustrasjonen ut på bana.

Imponert

Ein annan ung Sogndal-spelar som fekk merksemd etter Follo-kampen, var tidlegare Florø-spelar Peter Aase. 20-åringen frå kystbyen fekk debuten sin frå start for Sogndal og spelte ein solid kamp.

Peter Aase debuterte frå start i Sogndal

SOLID DEBUT: - Eg var nervøs, seier tidlegare Florø-spelar Peter Aase.

Høgrevingen er imponert over den eitt år yngre Utvik:

– Han tek ansvar på trening og set nivået. Sjølv om han er yngre enn meg, lærer eg mykje frå han kvar dag, både i måten han går i taklingane og av innsatsen hans. Me har alle mykje å læra av han, seier Peter Aase.

Laster innhold, vennligst vent..