Hopp til innhold

Uttale frå familiane avslører svært brutale detaljar om trippeldrapet

«Bussen bråstoppa ca. 17.09, og stod stille i vel seks minutt før han trilla bakover. Sannsynlegvis vart offera drepne i løpet av dette tidsrommet»

Åstaden for trippeldrapet

ÅSTAD: I dag avslører familiane fleire brutale detaljar om trippeldrapet ombord i denne bussen i Årdal.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det skriv dei etterlatne etter Arve Kvernhaug, Brahim Khoya og Margaret Molland Sanden, som vart drepne ombord i Valdresekspressen i Årdal.

Dei har vore i møte med politi, påtale, Kripos og rettsmedisinarar, for å få svar på nokre av dei mange spørsmåla dei sit att med etter drapa i november 2013. No vil dei dele svara, for å unngå feilaktig informasjon i media.

– Dei ønskjer å få fram kva som sannsynlegvis skjedde, basert på etterforskinga i saka. Dei har opplevd spekulasjonar og ein del uriktige opplysningar. Det har vore vanskeleg for dei, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå til NRK.

Svært brutale handlingar

Ein asylsøkjar frå Sør-Sudan var tiltalt for tre tilfelle av overlagt drap, men døydde i september av skadane han fekk då han hoppa utfor eit tak i Bergen fengsel. Rundt ti månadar tidlegare drap han tre menneske.

Drapshandlingane skjedde sannsynlegvis i løpet av seks minutt. Den drapstiltalte slo dei tre drepne i hovudet med ein sleggehammar. Etterpå brukte han kniv på alle tre.

– Handlingane framstår som brutale og omsynslause. Det er særleg det som er vanskeleg for dei pårørande å leve med: brutaliteten i handlingane, seier Kirkeeide Ravnå.

Ifølgje uttalen frå familiane er det ikkje mogleg å seie i kor stor grad offera har fått med seg eller oppfatta handlingane dei vart utsette for.

Minnemarkering eitt år etter trippeldrapet

SORG: Eit heilt lokalsamfunn og land var i sorg då trippeldrapet skjedde. Her frå minnemarkeringa eitt år etter, i november.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sit framleis att med spørsmål

Dei etterlatne er i all hovudsak nøgde med jobben politiet og andre har gjort, seier bistandsadvokaten. Dei kallar møta med politi, påtalestyresmaktene, Kripos og rettsmedisinarar viktige, gode og nyttige.

– Møta var avgjerande for å få noko av det ein rettssak ville hatt: ei oppsummering av heile straffesaka, seier Kirkeeide Ravnå.

Politiet veit framleis lite om bakgrunnen til den tiltalte. Mannen i 30-åra frå Sør-Sudan oppheldt seg i fleire land før han kom til Noreg som asylsøkjar. Trass mange forsøk vart han aldri avhøyrt, og dei rettspsykiatrisk sakkunnige greidde knapt å snakke med han. Då han døydde var han rekna som tilrekneleg og skikka for fengselsstraff.

– Dei stiller seg stadig spørsmålet om dei ville fått fleire svar i ei rettssak. Det er vanskeleg å forholde seg til. Sorga og saknet er framleis dominerande, seier Kirkeeide Ravnå.