Det skjedde på årsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre, og det var Bjarte Heggheim og Bjarte Gangeskar frå Gloppen Venstre som hadde klekt ut denne «revestreken».
– Han var nokså nølande, det såg først ut som om han ikkje ville ta imot skøytet, fortel ein lattermild Bjarte Heggheim, som er leiar i Gloppen Venstre.
Kona hans driv pelsdyrgard i Breim, og for dei to spilloppmakarane, begge med namnet Bjarte, låg det litt alvor bak spøken.
– Det er mange i Venstre som ikkje deler synet til Sveinung Rotevatn i pelsdyrsaka, og det kan det vere greitt å minne han på.
Skøytet ser ekte ut, men Heggheim forsikrar at den som eig området ikkje treng vere redd.
– Gardsnummeret visste vi om, det er på Skinlo, men bruksnummeret dikta vi opp. No ser vi at ein eller annan har funne ut kva eigedom det handlar om og lagt ut kart på Facebook.
– Personleg dilemma?
Sveinung Rotevatn seier han har sans for den interne Venstre-spøken.
– Det er kjekt å bli gjort stas på, sjølv om det handlar om ablegøyer, og skøytet ser veldig ekte ut. Det kunne ha blitt eit personleg dilemma for meg, men heldigvis er det ikkje nokon habilitetsreglar som ville ha skapt vanskar for meg på Stortinget.
No har han lagt skøytet ut på Facebook-sida si, med denne kommentaren:
«Som folkevald får eg mange hyggjelege gåver når eg reiser rundt. Men akkurat denne frå Bjarte og Bjarte i Gloppen Venstre er eg litt usikker på korleis eg skal forholde meg til».
Bjarte Heggheim har svart at han no kan få tilbod om å melde seg inn i pelsdyralslaget.
Bjarte Gangeskar skriv: «Vi tenkte eigentleg på å gje deg ein søndagsopen butikk, hadde det vore enklare å forholde seg til»?