Hopp til innhold

Utøya-overlevande: – Asylbrannane er terrorisme

HERMANSVERK (NRK): Han overlevde massakren på Utøya, no kallar han dei mange asylbrannane for terrorisme.

Torbjørn Vereide desember 2015

BLIR REDD: Torbjørn Vereide var på Utøya då terroristen gjekk til aksjon. No kallar han også dei som står bak brannstiftingane, mellom anna i Lindås, for terroristar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har sett korleis terrorisme ser ut og eg kjenner terrorismen igjen. Eg ser at dette har veldig mange av dei same mekanismane. Brann med tanke på å skade, skremme eller øydeleggje er i høgste grad terrorisme. Eg synest at vi må ta det på alvor, seier Torbjørn Vereide.

Han var ein av AUF-arane som med naud og neppe kom frå det med livet då terroristen gjekk til åtak under sommarleiren deira i 2011. Vereide mista mange vener og kjende på Utøya 22. juli.

– Systematisk terrorisme

– Veldig ofte blir brannane omtala nærast som rampestrekar frå enkeltståande pøblar. Men eg meiner at det er nesten tilsvarar systematisk terrorisme. Når ein utfører destruktive handlingar som er designa for å skape frykt då er det terrorisme, og eg synest vi må snakke om det på den måten, seier Vereide til NRK.

Seinast sist helg blei eit planlagt asylmottak på Lindås nord for Bergen sett i brann av ukjende gjerningsmenn. Politiet etterlyser ein svart Mercedes etter brannen.

– Eg blir redd, eg skulle ønske at det ikkje var tilfelle og at folk klarte å halde seg for gode til å bruke valdelege og destruktive handlingar for å ytre sine politiske meiningar. Dette er med på å putte bensin inn i hatmaskineriet som til slutt fører til gjennomføring av handlingane som blir snakka om.

Brann asylmottak Lindås

UTBRENT: Natt til søndag brann delar av eit hotell på Lindås ned. Det skulle brukast til asylmottak.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Får politisk støtte

Vereide, som no er lokalpolitikar i heimfylket Sogn og Fjordane, får brei støtte for sitt syn på den eller dei som står bak brannane på dei ulike asylmottaka i Norden, og no også i Norge.

– Eg er også uroa over at slike handlingar som å tenne på føreslegne asylmottak er komne så nær som til Lindås i Nordhordland, skriv Høgre-politikar Ole Gunnar Krakhellen på Facebook.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) gjev også full støtte til den unge Ap-politikaren via sosiale medium.

– Vi må alle ta opp kampen mot folk med bensinkanner og fyrstikker, slår Lødemel fast.