Ove Ellingsen - VANSKELEG Å FORSTÅ: Rekneskapsførar og kommunestyrerepresentant Ove Ellingsen meiner kommunerekneskapen er for komplisert. - Foto: Jonny Akselsen /

VANSKELEG Å FORSTÅ: Rekneskapsførar og kommunestyrerepresentant Ove Ellingsen meiner kommunerekneskapen er for komplisert.

Foto: Jonny Akselsen

Utgiftsbombe skjult i rekneskap - milliardar av kroner må dekkast inn

Norske kommunar har med staten si velsigning skjult utgifter på 22 milliardar kroner i rekneskapane sine.

Milliardsummen har bygd seg opp over ti år utan at så godt som nokon utanom kommunaltoppane og kommunaldepartementet har lagt merke til det.

Årsaka kan vera at kommunerekneskapane er for kompliserte til at kommunestyremedlemmene forstå kva som skjer.

– For meg minner dette meir om kjernefysikk enn om rekneskap, seier kommunestyrerepresentant Ove Ellingsen (H) i Sogndal.

Ellingsen er rekneskapsførar av yrke og utdanning. Han scrollar nedover side etter side med kommunerekneskap, og konstaterer at her er det mykje han ikkje forstår.

– Det er eit premieavvik på 13 millionar kroner. Om det er positivt eller negativ, er ikkje godt å seie. Eg er ikkje van med å forstå mindre og mindre dess meir eg les, seier han.

– Ber folk halde seg fast

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal - MÅ FORKLARE FOR FOLK: Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har fått fleire spørsmål om kva premieavvik eigentleg er. - Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

MÅ FORKLARE FOR FOLK: Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har fått fleire spørsmål om kva premieavvik eigentleg er.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men talet han har funne strekkjer seg som ein skygge gjennom nesten alle kommunerekneskap i Norge. Nokon lunde jamt fordelt etter kommunen sin storleik slik at Sogndal sitt premieavvik er på 13,9 millionar, Fauske i Nordland har 31 millionar, Fredrikstad har 235 millionar – og Bergen tett oppunder to milliardar.

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal har fått fleire spørsmål om kva posten premieavvik eigentleg er.

– Eg seier kvar gong at dei må halde seg litt fast, for det er ikkje så enkelt å forstå.

Blir ikkje ført i rekneskapen

Premieavvik er veldig enkelt forklart pengar kommunane har betalt ut til dei kommunetilsette sin pensjonsordning, men ikkje ført i rekneskapen sin. For Sogndal sin del kan det handle om at dei betaler inn 20 millionar kroner for å møte framtidige pensjonsforpliktelsar – men i staden fører berre 18 millionar i rekneskapen.

– Vi har hatt rekneskap dei siste åra som har sett betre ut enn utgiftene faktisk har vore. Dei må vi gjere opp for dei neste ti åra, seier Aanestad.

Fleire pensjonar

Kommunaldepartementet tillot denne praksisen i 2002 – fordi kommunane ville ha meir føreseielege årlege pensjonsutgifter. Men så starta problema.

Kommunane får fleire og fleire tilsette, dei har betre helse og lever lenger slik at utgiftene til framtidige pensjonar aukar kraftig. I tillegg har avkastninga på pengane gjennom renter og børs stupt.

Meiner regelverket er for snilt

Tanken var at børsen skulle svinge opp og ned og kommunane betale litt for mykje eitt år, og litt for lite neste – slik at det skulle enda i null. I staden enda det ved utgangen av 2011 med eit minus på svimlande 22 milliardar kroner for eit samla Kommune-Noreg – og det er meir enn eit rekneskapsmessig problem.

– I etterkant kan vi vel seie at regelverket har vore for snilt, seier direktør for interessepolitikk i kommunane sin interesseorganisasjon – KS, Helge Eide.

For sidan kommunane sine rekneskap må vere i balanse – er det andre pengar som må kuttast den dagen desse utgiftene på 22 milliardar skal inn i budsjetta. For eksempel pengar til skular, barnehagar og eldreomsorg.

– Det er utsette rekneskapsførte betalingar som må takast inn i kommunerekneskapa dei neste åra. Dette fører til at moglegheita for å bruke pengar till andre ting i kommunebudsjetta, blir tilsvarande mindre, seier Eide.

Navarsete strammar inn

Liv Signe Navarsete - TEK GREP: Kommunalminister Liv Signe Navarsete strammar no inn ordninga. - Foto: Arild Gimse / NRK

TEK GREP: Kommunalminister Liv Signe Navarsete strammar no inn ordninga.

Foto: Arild Gimse / NRK

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) seier at intensjonen med ordninga var god, men at dette blei innført før hennar tid i regjeringa. Ho har no stramma inn ordninga – slik at kommunane må ta dei 22 milliardane inn i rekneskapane sine over ein tiårsperiode.

– Det er for å ta det som har skjedd på alvor. Vi må sikre at etterslepet ikkje aukar, seier Navarsete.

Ho lovar at overføringane frå Staten skal veksa nok dei kommande åra til at kommunane får dekka inn rekneskapsavviket. Spørsmålet er berre korleis talet kunne bli så kolossalt utan at fleire enn nokre få innvigde forsto det.

– Eg innrømmer at eg tykte det var teknisk då eg skulle setje meg inn i det, men det er forståeleg for den jamne kommunestyrerepresentant.

Lærer stadig noko nytt

Ho trur også at Ellingsen i kommunestyret i Sogndal vil forstå dette dersom han får god informasjon. Og det lovar kommunestyrerepresentant Ellingsen at han skal prøva

– Men det er noko som er interessant med å vere i kommunestyret, eg får stadig vekk lære noko nytt.

Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.
Her kan du sjå den TV-sendinga der Årets kulturidé 2013 blei kåra.
Slik er køyreturen gjennom tunnelen som blei opna i dag.