Hopp til innhold

Utelukkar ikkje kommunesamanslåing med tvang

Helge Andre Njåstad (Frp), leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, utelukkar ikkje at Eid, Selje og Vågsøy kan bli slått saman med tvang.

Helge André Njåastad (Frp) utenfor Stortinget

OPEN FOR TVANG: Helge Andre Njåstad (Frp) er leiar i Kommunlakomiteen på Stortinget.

Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

– Dersom til dømes fire kommunar heng saman og berre tre seier ja til samanslåing, så er dette døme på ein situasjon der Stortinget kan skjere igjennom å slå saman alle fire kommunane, seier Njåstad. I Nordfjord seier Eid og Selje ja, men Vågsøy som ligg imellom seier nei.

Opphavleg vart det jobba med ei løysing der Eid, Selje og Vågsøy skulle slå seg saman, men kommunane greidde ikkje å kome til semje.

Så kom fylkesmannen på banen og ville slå saman Selje og Vågsøy. Men forhandlingane er avslutta utan at partane greidde å bli samde. Selje sa nei mellom anna fordi Vågsøy ville ha kommunesenteret i Måløy.

Kranglar om kommunesenter

Dette førte til at Eid og Selje no er i full gang med forhandlingar med kommunesamanslåing som siktemål. Dei ønskjer begge å ha med seg Vågsøy, men Vågsøy seier tvert nei, mykje fordi Eid og Selje har vorte samde om at kommunesenteret skal ligge på Nordfjordeid.

Njåstad presiserer at han uttalar seg på generelt grunnlag. Samstundes slår han fast at kommunar kan bli samanslått med tvang. Han likar ikkje at samanslåingsprosessar stoppar opp på grunn av krangel om kvar kommunesenteret skal liggje.

– Det er mest kommunepolitikarane som er opptekne av kor kommunehuset skal liggje. Folk flest er opptekne av å få best mogleg kommunale tenester, seier han.

Skulle gjerne hatt med Vågsøy

Alfred Bjørlo

KOMMUNESAMANSLÅING: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Josef Ness Tveit / NRK

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) beklagar at Vågsøy har stengt igjen døra.

– Vi skulle gjerne hatt med Vågsøy i ein ny og slagkraftig kommune. Samtidig aksepterer vi Vågsøy si avgjerd, seier han.

Njåstad meiner er fleire grunnar til at flest mogeleg kommunar også i Nordfjord bør slå seg saman.