Hopp til innhold

Dei trengande må vente - utedoen måtte gjennom kulturminnefagleg vurdering

Å få bygd ein flunkande ny utedo er ikkje gjort i handvending. Først må det nemleg gjerast ei kulturminnefagleg vurdering!

Utedo og arnestadstøylen

NAUDSYNT BYGG: På Arnestadstøylen vil dei byggje ny utedo. Det krev omfattande byråkratisk handsaming. (doen på bildet er ikkje part i saka ...)

Foto: sxc.hu / Fylkesarkivet

Grunneigarane på Arnestadstøylen i Gloppen har sett i gong eit prosjekt som ein skulle tru ville gå temmeleg kjapt. Dei treng nemleg ein ny utedo på støylen, men det er ikkje gjort i ein fei.

– Det er fordi det er ein bygning som skal stå inne i eit landskapsvernområde og vi har eit regelverk å halde oss til. Då må ta det gjennom sakshandsamaning som kva som helst anna bygg, sjølv om det då er ein utedo, fortel verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik til NRK.

Utedo er jo eit naudsynt bygg i ny og ne, då kan problemstillinga dukke opp

Alf Erik Røyrvik

Må opp i styre og stell

Han er tilsett hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å handsame saker som knyter seg opp til inngrep i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Og sjølv om utedassen må på plass – så kan ikkje styresmaktene gje løyve til full gass for bygging ...

– Den må opp i eit verneområdestyre og få eit vedtak om dei skal få løyve eller ikkje til å byggje den bygningen, seier Røyrvik og legg til at det hender at han får slike dosaker på bordet.

– Utedo er jo eit naudsynt bygg i ny og ne, då kan problemstillinga dukke opp. Det er ikkje første utedosaka eg handsamar, men det er ikkje det som opptek det meste av arbeidstida mi, nei.

Det utvendige er viktig

Røyrvik medgjev at det kan fortone seg noko spesielt at bygging av ein utedo no fører til at Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort ei kulturminnefagleg vurdering.

– Alle bygningssaker i eit slikt kulturmiljø blir rutinemessig sendt til kulturavdelinga til fylkeskommunen som er fagstyresmakt. Dei skal også sjå om bygningen utvendig følgjer tradisjonell byggjeskikk, seier forvaltaren.

– Så det som skjer innanfor dei fire veggane på utedoen er de ikkje så opptekne av?

– Nei, nett det går føre seg vel som det alltid har gjort, he he he! Så eg trur vel at dei kulturminnefaglege vurderingane der er sikkert heilt ok.

Grunneigarlaget har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Men alt tyder på at trengande vil få ein stad å sitje trygt – når byråkratane er ferdige med å handsame utedo-søknaden ...