Hopp til innhold

Pallen glapp for Fannemel i Sapporo

Dårlege forhold øydela for Anders Fannemel i Sapporo i natt.

Anders Fannemel

SKUFFA I SAPPORO: Dårlege vindforhold øydela andrehoppet til Fannemel.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Anders Fannemel låg på ein tredjeplass i søndagens hopprenn i Sapporo. Men krevjande forhold spolerte håpet om ein plass på pallen for 23-åringen.

I første omgang hoppa Fannemel 135 meter, og berre 1,1 poeng skilde opp til Kamil Stoch som leda før finaleomgangen.

I finaleomgangen var Fannemel sjanselaus i dei dårlege vindforholda, og Fannemel landa på 121 meter. Dermed enda honndølen på ein femteplass.

– Fannemel gjorde eit veldig bra førstehopp. Dessverre fekk han vanskelege forhold i finaleomgangen. Når han får så låg fart, blir også hoppet deretter. Det er synd, for helga ville ha vore heilt perfekt med ein pallplass, sa landslagstrenar Alexander Stockl til NTB etter rennet.

Roman Koudelka vann rennet, framfor Kamil Sotch og Peter Prevec.