Hopp til innhold

Utan straum i Framfjorden

Dei som bur i Framfjorden i Vik er utan straum på grunn av skade på ein straumleidning. Nettsjef hjå Sognekraft, Harald Stadheim, fortel at dei har folk ute for å reparere feilen. Truleg kjem straumen att i løpet av kvelden. Det er det tunge snøfallet som har gjort skade på ei straumline.