Rota - KAN BLI: Slik kan Rota bli sjåande ut dersom ho vert nytta til utviding av Fjord - Foto: Eskil Frøyen Nybø/Dag Frøyen/A til Å /

KAN BLI: Slik kan Rota bli sjåande ut dersom ho vert nytta til utviding av Fjord

Foto: Eskil Frøyen Nybø/Dag Frøyen/A til Å

Kjempar for at øyidyllen ikkje skal bli oljebase

Oljebasen i Florø treng meir areal. Det opnar opp for ein konflikt om dei idylliske øyane Rota og Grønenga utanfor sentrum av kystbyen må vike plassen for ein oljebase.

– Eg tykkjer dette er ei perle, og så ligg ho så nær byen, seier Hilde Buer.

Ho bur sjølv på Grønenga, som er eitt av forslaga til kor oljeindustrien kan få meir plass til basen sin. Eit anna forslag er øya Rota.

Vert borte for alltid

– Det er kjempesørgjeleg. Dei låner ikkje landskapet, dei tek det for alltid. Alle spora, alle verdiane som ligg i dette landskapet vert borte for komande generasjonar. Våre barnebarn får ikkje oppleve dette, seier Buer.

Buer har skapt seg eit liv her på øyane.

– Eg er så sær at eg vil ikkje ha trafikken og bråket, og eg vil gjerne sjå solnedgangen utan uro. Eg vil gjerne vakne om morgonen og berre høyre fuglane, så vi flyttar, seier Buer.

Kan bli 500 nye arbeidsplassar

Oljebasen Fjord Base ligg like ved Florø sentrum. Basen er i kraftig vekst og ein spår at det kan bli 500 nye arbeidsplassar dersom dei får lov til å utvide.

Oljebasen er i ferd med å bli eit industrieventyr i Sogn og Fjordane, og sjefane kan skryte av hundrevis av arbeidsplassar allereie.

Må ha areal for å ta del i vekst

No treng dei ytterlegare 300 mål fordi det er gjort store funn i havet utanfor Florø.

– Vi har veldig stor tru på at dei funna kjem til å bli utbygde. Det vi pressar på Fjord Base for å få tak i areal er fordi vi ønskjer å ta del i den veksten, seier marknadssjef for Saga Fjordbase, Helge Dale.

Og den problemstillinga skjønnar dagleg leiar i Fjord Base, Jim Haugland godt.

Trur ikkje Florø blir den same

– Viss vi ikkje har noko å tilby så vil nødvendigvis aktiviteten gå ein annan stad. Det trur eg alle vil tape på, seier Haugland.

Men for Buene handlar dette om sjølve sjela til byen og ikkje om aktivitet og arbeidsplassar.

– Eg trur ikkje Florø blir det same utan dei øyane. Kvifor i all verda skal folk bu i Florø, spør Buene.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 830efdde-cdaa-4f64-86ac-c3103694d8fe.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ TV-SAK: Slik ser basen ut i dag, biletet til venstre syner utsyn vestover, medan biletet til høgre syner anlegget i retning aust.

Må vere visjonære

Ho ber om at ein tenkjer seg godt om før ein går inn for å øydeleggje øyane det er snakk om.

– Mi oppfordring er at dei må vere visjonære og tore å tenkje langt nok fram. Og innsjå dei verdiane som ligg i dette landskapet, for det er snakk om store verdiar for slektene etter oss, seier Buer.

Ho legg til at ho sjølvsagt har sterke kjensler sidan ho sjølv bur på Grønenga.

– Klart at eg er inhabil i massevis. Men faktisk trur eg det er endå verre at dei legg industrien ute på Rota enn at dei legg bru innom Grønenga og går nordover, trur Buer.

Venstre vil ta Grønenga

Fleire politikarar har klare oppfatningar av kor dei meiner utvidinga av oljebasen bør skje. Venstre vil ikkje ein meter vestover mot Rota.

– Venstre er heilt klare på dette. Vi er veldig for Grønenga og bruke området inn over Botnastranda, seier Halvor Halvorsen (V).

Han presiserer at Florø har store behov for areal framover.

– Vi kan ikkje sitje her og tvinne tomlar og seie at vi ikkje vil vere med på framtida, seier Halvorsen.

(Artikkelen held fram under kartet)

Reisetid basen - REISETID OG FUNN: KDei grøne prikkane syner funn av anten gass eller olje. Dei oransje syner stader der ein vil sjekke om det finst noko.

REISETID OG FUNN: KDei grøne prikkane syner funn av anten gass eller olje. Dei oransje syner stader der ein vil sjekke om det finst noko.

Ap vil sjå på begge

Arbeidarpartiet vil sjå på kor ein får best utteljing.

– Arbeidarpartiet har begge stadene som moglegheiter. Det vi vil sjå på no er kor vi kan få god utteljing i høve arealbehov og kva næringslivet ønskjer, og kva folk i Florø har som synspunkt, seier Solveig Willis (Ap).

Ho ønskjer at ein opnar opp for innspel frå folk også utanfor medlemsmassen.

– Det er klart synspunkta til næringslivet vil telje, men vi vil høyre alle partar i denne saka, seier Willis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hollevik og Willis - VIL VITE: Både f.v. Bjørn Hollevik (H) og Solveig Willis (Ap) vil høyre alle partar i saka nøye. - Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

VIL VITE: Både f.v. Bjørn Hollevik (H) og Solveig Willis (Ap) vil høyre alle partar i saka nøye.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Høgre vil ha skikkeleg utgreiing

Desse tankane er mykje i tråd med det Høgre tenkjer.

– I store utbyggingssaker så står vi sikkert veldig likt. Men vi er veldig opptekne av at når vi skal fatte eit vedtak så må saka vere godt utgreidd, seier Bjørn Hollevik (H).

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Terje Isungset spelar på is-strument på Bremuseet i Fjærland
Paal Rune Flatjord (55) skulle berre gå ein heilt vanleg tur med hunden. Men då han skulle berge ein sau, vart det ein kamp for å redde seg sjølv. Han sklei, og fór livredd og i smerte 100 meter gjennom eit stryk i elva.
Eitt av mange innslag på Countrytreffet i Breim i Gloppen kommune i år var Country Lutt. Konserten på vel ein time vart send på NRK nett-tv og lokalsending til NRK Sogn og Fjordane fredag 11. juli kl 15:07.