Medan utlån til privatkundar auka med nær sju prosent i fjor, sank utlåna til næringslivet med litt over ein prosent. Dette er ei utvikling som uroar banksjef Arvid Andenæs.
Spesielt gjeld utflatinga den delen av næringslivet som ikkje er knytt til offshoreindustrien.
– Vi ser ein klar skilnad også på etterspurnad etter lån frå kystbasert industri, som då er tettare på den oljerelaterte industrien, og den typisk arbeidskrevjande industrien og næringslivet, seier han.
Lita investeringslyst
Det er ikkje berre Sparebanken Sogn og Fjordane som opplever denne utviklinga. Også Sparebanken Vest har gjort seg den same erfaringa.
– Vi har mindre aktivitet retta mot kapitalkrevjande industri, som til dømes olje. Det gjer at investeringslysta i Sogn og Fjordane blir heller laber, seier regionbanksjef i Olav Hjelle.
Mindre etterspurnad
Andenæs peikar på at næringslivet kan delast inn i tre. Dei som jobbar med olje og gass, og dei som jobbar med infrastruktur som vegar og bygg.
– Så har vi resten av næringslivet og industrien, som er meir den tradisjonelle innanlandsbaserte industrien som i dag går seinare enn elles og som har mindre etterspurnad etter investering og nye lån enn tidlegare, seier banksjefen.
Vil ha bankane på bana
NHO-direktør Jan Atle Stang ønskjer bankane meir på bana for nett å gje meir kapitalstøtte til det næringslivet i fylket som ikkje er oljesmurt.
– Vi ser også ein større risiko i dag, og slit i større grad. Dermed har det også vist seg vanskelegare for den delen av næringslivet å få fatt i risikovillig kapital frå bankane, seier han.
– Vi har eit samfunnsansvar for å forvalte våre verdiar på best mogeleg måte. Men det viktigaste samfunnsansvaret er å vere til stades med god rådgjeving, konkurransedyktige lån og innskot. Det er vår hovudoppgåve, svarar Andenæs.