Hopp til innhold

Breane minkar, men turistane bryr seg ikkje

Forskaren er uroa over at dei norske brearmane trekkjer seg tilbake. Men turistguiden har førebels fått få kommentarar.

Forskar uroa over svært rask bresmelting ved alle norske brear. Brikdsdalsbreen var ein halv kilometer lenger framme for 20 år sidan.

I 1996/97 gjekk Briksdalsbreen fram til der professor og forskar Atle Nesje står på bilete. Sidan den gongen har mykje endra seg. Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Vidar Gudvangen. Foto/Redigering: Arne Stubhaug.

Briksdalsbreen

REKORD: Mindre bre, men meir turistar enn nokon gong. Det trur Rogeir Haugen i Oldedalen skysslag skuldast heile naturopplevinga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg kan telje på ei hand dei turistane som har klaga på at det er lite bre å sjå. Dei fleste er imponert over naturen her, seier Rogeir Haugen, som er dagleg leiar i Oldedalen Skysslag.

Dei fraktar turistar til rundt i Briksdalen og inn til Briksdalsbreen. Til trass for minkande brear, har dei to siste åra enda med rekordbesøk.

– Ein dårleg dag på jobben

Forskar og professor Atle Nesje vaks opp i Olden, og hugsar godt sine turar til Briksdalsbreen på 1960-talet. Han tykte det var så fascinerande at han byrja å studere geologi og klima. Seinare har han nytta breane som klimaindikator.

– Det var hausten 2011 at breen delte seg. Det var litt trist, og ein dårleg dag på jobben, seier Nesje som til dagleg jobbar på institutt for geoforskning ved Universitetet i Bergen.

Først i månadsskiftet september-oktober skal dei gjere dei offisielle målingane. Men professoren ser at det smeltar raskt.

– Berre på ei veke ser eg at den nedre delen har minka ganske mykje. Det er tydleg at her smeltar breen ganske fort. Eg vil anta at vi ligg minst ein månad føre normalsmeltinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Briksdalen

MYKJE VATN: Eit godt teikn på at isen smeltar fort er mykje vatn i elva. I år har det nesten vore rekord, fortel Nesje.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Store endringar

Målingar frå NVE syner at 26 av 33 brear på landsbasis trekte seg tilbake i 2013. Fire var uendra, medan berre tre gjekk fram.

Nesje seier at alle brearmane rundt Jostedalsbreen er i smelting, spesielt dei som ligg i låglandet. Dei trekkjer seg tilbake. Det er også ein trend i Alpane og elles i verda at breane trekk seg tilbake.

Briksdalsbreen reagerer hurtig på klimaendringar, fortel professoren.

– På slutten av 1990-talet gjekk breen vel ein halv kilometer lenger fram. Og på same tid gjekk til dømes Bøyabreen i Fjærland samanhengande heilt ned til vatnet. No ligg det kanskje ein liten breklatt heilt nedst, og brearmen har delt seg.

Forskaren seier at den nedbørsfattige vinteren og den varme sumaren landet har opplevd, er stikk motsett av kva han ønsker seg.

Bøyabreen

TILBAKE: Også Bøyabreen i Fjærland har trekt seg tilbake mykje sidan 1990-talet og dei seinare åra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det vi treng er milde og nedbørsrike vintrar og relativt kjølige sumrar, spesielt med kjølige netter. Eg er nok ein av få som ønsker meg det, seier han.

– Har det noko å seie om breane går tilbake?

– Briksdalsbreen er ein stor turistattraksjon. Førebels ser vi at det er ganske mykje is her. Men visst vi går 20–30 år fram i tid, vil det ikkje vere så mykje bretunge att her.

– Få turistar bryr seg

Rogeir Haugen som har ansvaret for å transportere turistane i Briksdalen, seier turistane er meir nøgde med naturopplevinga enn dei er fokuserte på storleiken på breen.

– Dei er veldig imponerte fossane og den fine naturen. Dei er helst overvelda over at vi har hatt ein utruleg flott sumar.

Trass nøgde turistar og få klager, er Haugen klar på at vêret som har vore ikkje er bra for breane. Han går for eit kompromiss.

– Vi håpar det skal halde seg slik i mange år, og så håpar vi på snørike vintrar så vi får litt påfyll, så går det sikkert greitt. Vi har jo ein fantastisk natur rundt oss likevel, seier Haugen.

Rogeir Haugen

KOMPROMISS: Rogeir Haugen i Oldedalen skysslag håpar på varme sumrar men snørike vintrar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK