Hopp til innhold

Kritisk til lågare krav for legevikarar

Fylkeslegen meiner det er kritikkverdig at regjeringa foreslår ei skjerping av kompetansekrava til legar i stillingar utover to månader, medan det vert lagt opp til unntak for vikarlegar.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

SER ULEMPER: Fylkeslege Per Stensland er positiv til ei skjerping av kvalitetskrava til legar, men meiner det er uhaldbart at det vert gjort unntak for legevikarar.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Blant anna ønskjer regjeringa å skjerpe krava til legane i legevaktordningar, ved at dei må oppfylle bestemte kriterium for å kunne ha vakt åleine. Dersom dei ikkje møter desse krava må legevaktene ha ein kvalifisert lege i bakvakt.

Både Fylkeslegen og Fagrådet i Helse Førde fryktar at forslaga som no ligg på bordet kan føre til store rekrutteringsproblem og auka utgifter for kommunane.

– Fører til rekrutteringsproblem

Leiar i Fagrådet i Helse Førde, Kjell Idar Dvergsdal, seier dei i utgangspunktet er positive til skjerpa krav til akuttberedskapen, men at det vil medføre konsekvensar, blant anna på rekrutteringssida.

– Det er klart at dersom ein skal ha minstekrav til utdanning kan det føre til at ein ikkje klarar å skaffe nok legar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ambulanse

KAN FÅ ENDRINGAR: Regjeringa foreslår også endringar i ambulansetenesta. Her vil dei at ambulansebilar skal vere bemanna med to personar, der ein må ha autorisasjon som ambulansearbeidar og den andre som helsepersonell med naudsynt ambulansefagleg kompetanse. Begge må ha førarkort og kompetansebevis for førar av utrykkingskøyretøy.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Han peikar på at det i Sogn og Fjordane framleis er slik at ikkje alle kommunar har fylt opp alle legestillingane.

– Det kan også vere ein del vikarordningar som vil gjere at ein ikkje kan møte dei krava som er naudsynte. Vi er avhengige av å ha tilgang til ein del vikarar inn mot legetenestene i kommunane, også inn mot legevakta, så det kan medføre rekrutteringsproblem, seier Dvergsdal.

Kritisk til unntak for vikarlegar

For i forskrifta vert det også lagt opp til unntak frå kvalitetskravet for vikarlegar, dersom dei berre skal jobbe i to månader eller mindre. Det er Fylkeslege Per Stensland svært kritisk til.

– Fleire av dei problemlegane vi har hatt er vikarlegar som har jobba i mindre enn to månader. Så vi er ganske enkelt nøydde til å få dette holet i forskrifta tetta, slik at det er dei same kvalitetskrava til vikarlegar som til vanlege legar. På dette punktet er forskrifta uhaldbar.

Nordfjord sjukehus

VIL UNNGÅ FLEIRE PROBLEM: Fleire av vikarlegane som det har vore problem med i fylket har vore tilsett ved Nordfjord legevakt. Fylkeslegen ønskjer ikkje at vikarlegar skal få unntak frå kompetansekrava som regjeringa legg opp til.

Foto: Nyhetsspiller

Dei ser begge også økonomiske utfordringar knytt til forskrifta. Dvergsdal meiner at når kompetansen har blitt sentralisert i samband med legevaktordningar, er det viktig å ruse opp kompetansen som er att i kommunane. Dette er noko dei er positive til, men han ser at det vil koste.

– Å måtte stille med bakvakt dersom legane på vakt ikkje møter kvalitetskrava er eit døme på noko som vil gi ganske omfattande økonomiske konsekvensar, seier han.

I utgangspunktet positive

For i det store og heile meiner dei forslaget er bra, men det er ein veg å gå.

– Samstundes som vi peikar på ein del ting som kan gjere det litt vanskeleg, i alle fall i ein startfase, ser vi veldig positivt på at vi endeleg får ei akuttberedskapforskrift. Vi har aldri hatt ei så tydeleg og framtidsretta forskrift, seier Dvergsdal.

Også Fylkeslegen ser tydeleg at ei kvalitetsskjerping, ikkje berre i legetenesta, men på heile det akuttmedisinske feltet, vil vere ei økonomisk utfordring.

– Sterkare kvalitetskrav til legeteneste og ambulanseteneste, og eventuelt til det som heiter First Responder-teneste, vil til saman verke kostnadsdrivande. Desse utgiftene skal jo dekkast av helseføretak og kommunar, og det er tydeleggjort at forslaga kjem til å koste pengar. Det er naudsynt, for ein kan ikkje gjennomføre dette utan at denne sektoren vert rusta opp frå statleg hald, seier Stensland.