Hopp til innhold

Uroa for tunnelar utan naudnett

Mange brannsjefar i Sogn og Fjordane sit med ansvar for lange og gamle tunnelar, men må klare seg utan naudnett under ein brann.

Ulykke Høyangertunnelen

UTAN NAUDNETT: Frå ei ulukke inne i Høyangertunnelen. Arkivfoto.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Det nye naudnettet i Gudvangatunnelen får gode skussmål og får mykje av æra for at arbeidet med brannen tysdag gjekk godt.

Andre brannsjefar må ta til takke med det dei kallar ei reserveløysing. Brannsjef Olav Nordgulen og hans mannskap må rykke ut dersom det brenn i den 32 år gamle, og 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen.

– Nesten utruleg

Av om lag 1000 tunnelar i landet kjem det no naudnett i overkant av 300. Høyangertunnelen er ein tunnel fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane fjor vedtok at det ikkje skulle byggjast naudnett i, til frustrasjon for brannsjef Nordgulen.

– Eg synest det var skuffande. Når dei no skal oppgradere Høyangertunnelen og dei då ikkje får inn naudnett er nesten utruleg.

BUSSVRAK:

HEILT UTBREND: Bussen som tok fyr i Gudvangatunnelen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Høyangertunnelen skal utbetrast for 170 millionar kroner. Dei ekstra kostnadane for naudnett tok ikkje fylkespolitikarane, eit naudnett som no er på plass i 26 andre tunnelar i fylket. Det var på plass i Gudvangatunnelen, og blir av mellom andre helseminister Bent Høie (H) trekt fram som viktig i redningsarbeidet.

– Ein av dei viktigaste skilnadene frå brannen for to år sidan er at vi no har naudnettet som gjer at dei ulike naudetatane kan kommunisere mykje betre saman.

Per Andreas Øren

– IKKJE TVIL: Per Andreas Øren meiner det bør installerast naudnett i Høyangertunnelen. arkivfoto.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Burde ha teke investeringa

I Høyanger er Per Andreas Øren sine sjåførar storbrukarar av tunnelen.

– Når ein skal gjere jobben med å utbetre tunnelen så han skal bli up to date så burde det absolutt ha vore naudnett også. Når vi ser erfaringane frå Gudvangatunnelen er det ikkje tvil om at dei burde ha teke den investeringa når dei først set i gang.

Tunnelar lengre enn 500 meter og med ein årsdøgntrafikk på over 5000 får nytt naudnett - i tillegg til dei som har naudkommunikasjon frå før. Brannsjef Jarle Dragesæt i Stryn må difor sjå langt etter løysinga som får gode skussmål i Aurland.

– På Strynefjellet er det ikkje tenkt å legge inn nettet i tunnelane, og då blir vi litt handikappa oppi der.

Brannsjef i Stryn, Jarle Dragesæt

– BLIR HANDIKAPPA: Brannsjef Jarle Dragesæt i Stryn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Brannvesenet i Høyanger og Stryn skal om kort tid ta i bruk såkalla mobilt naudnett. Det er ei løysing montert i brannbilane, og som gjer at ein får naudnett i tunnelane når brannvesenet parkerer ved tunnelopninga. Dragesæt seier det vert ei forbetring frå dagens radiosamband, men er spent på kor godt det fungerer.

– Då kan vi muligens greie å få samband gjennom tunnelen mot andre sida, altså Skjåk. Men det blir stor skilnad frå naudnettet. Det er mange faktorar som spelar inn for at det mobile nettet skal fungere bra.

– Mobil løysing god ved ulukker

Arild Petter Søvik i Vegdirektoratet seier naudnettet hovudsakleg er bygt for å sikre at til dømes ambulansar kan snakke med AMK når dei køyrer i tunnelane. For bruk til ulukker meiner han den mobile løysinga er like god.

– Det viser iallfall testar så langt.

Utbyggingsdirektør Dagfinn Sjøvik i Direktoratet for naudkommunikasjon seier derimot at effekten av det mobile naudnettet vil variere.

– Det er ikkje fullgodt som eit fast installert utstyr, sjølvsagt, men brukt på rett måte vil det i mange tunnelar gi eit veldig godt alternativ til det å ikkje ha eit samband.

Åshild Kjelsnes

– TUNGE BØRER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Må ha nasjonal hjelp

280 tunnelar har no fått fast naudnett, og i fleire er arbeidet i gang.

Då fylkespolitikarane skulle vedta utbetringane av Høyangertunnelen føreslo Høgre, Krf og Venstre å plusse på 50 millionar kroner for å ta ekstrakostnaden med å bygge naudnett. Det røysta fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og fleirtalet imot.

– Med den økonomien Sogn og Fjordane har og kjem til å få dei komande åra så vart vi nøydde til å sette strek ved det som var lovpålagt og ikkje ta med naudnett.

– Opnar du for å gjere ei ny vurdering no når vi ser effekten ved brannen i Gudvangatunnelen?

– Eg meiner at skal det gjerast noko her må regelverket endrast, og så må sentrale styresmakter gå inn og hjelpe til, for dette er tunge bører på einskilde fylke. Men det er klart, eit naudnett burde vere på plass i alle lange tunnelar i dette langstrekte landet vårt, men då må det eit nasjonalt tak til.