UP tok 27 fartssyndarar

To bilførar mista førarkortet i ei 60-sone på Byrkelo torsdag. Ein annan bilførar blir meldt for å ha køyrd utan gyldig førarkort.

UP har i dag hatt fartskontroll i Gloppen og to sjåførar må no klare seg utan førarkort ei stund. Den eine køyrde 87 km/t og den andre 90 km/t i 60-sona.

I tillegg fekk 15 bilførarar forenkla førelegg for å ha køyrd over fartsgrensa.

Også ved Ålhus i Jølster hadde UP stilt seg opp i ei 60-sone. Her blei det skrive ut 10 forenkla førelegg for høg fart. Høgste fart blei målt til 76 km/t.

Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.
Bli med i radiostudio og lær korleis ein stryk kvite fine bunadsskjorter til 17. mai